Statens vegvesen startar utbetring av fv. 65 på Røv i Surnadal. Frå 9. oktober blir vegen stengt store delar av dagen og kvelden. Vegen har setningsskadar og sidan i sommar har han berre hatt eitt køyrefelt og trafikken har vore regulert med trafikklys. No skal fylkesvegen flyttast på trygg grunn inn i fjellet, i ei breidde tilsvarande eitt køyrefelt.

- Vi skal sprengje oss inn i fjellet og det kan vi ikkje gjere med trafikk på vegen. I tillegg må arbeidet vere ferdig før vinteren kjem for fullt og da må vi arbeide effektivt, seier byggeleiar Johnny Skår i Statens vegvesen.

Det køyrer normalt 1750 bilar i døgnet på fv. 65 forbi Røv. 20 prosent av dei er tungtrafikk.

Vegen blir stengt på desse tidspunkta måndag til torsdag:

◾09-11

◾12-13.20

◾14-15

◾15.30-16.55

◾17.15-18.45

◾19.30-21.30

Stengetidspunkta er tilpassa bussane som går forbi Røv.

- Vi planlegg ikkje å stenge vegen på natta, men i heilt spesielle tilfelle kan det bli naudsynt. Da vil vi varsle trafikantane med skilt og i media, fortel byggeleiaren.

Omkøyringsruter

Det er lokal omkøyring via fv. 325 på andre sida av elva. For tunge køyretøy er det anbefalt omkøyring via E39. Det gir om lag ein halvtime lengre køyretid.

Det blir skilta omkøyring på:

◾Fv. 65, Bårdshaug, Orkdal

◾Fv. 65, Fannrem, Orkdal

◾Fv. 70, Storås, Meldal

◾Fv. 65, Kvammen, Orkdal

◾Fv. 670, Skei, Surnadal

◾Fv. 65, Øye, Surnadal

◾E39, Betna, Halsa