Frå 23. oktober blir det endring på to av FRAM Ekspress sine avgangane frå Trondheim. Frå og med måndag 23. oktober vil avgangane klokka 16.35 og 17.15 frå Trondheim for FRAM Ekspress rute 905 bli flytta fram, melder Møre og Romsdal fylkeskommune. Flyttinga vil gjelde måndag-fredag.

• Avgangen klokka 16.35 frå Trondheim via Surnadal blir endra til kl. 16.30 måndag-fredag.

• Avgangen klokka 17.15 frå Trondheim over Hemnekjølen blir endra til kl. 17.05 måndag-fredag.

Årsaka til endringane er vegarbeidet på E6 mellom Heimdal og Klett, som skal vere ferdig våren 2019.  Dette arbeidet forsinkar trafikken, spesielt på fredagar.

Endringane tek også omsyn til vinterføre. Endringane kjem for at bussane skal rekke ferja Halsa-Kanestraum (rute 48), og skal hindre at avgangane ikkje mister korrespondansen vidare med FRAM Ekspress (rute 100) frå Molde til Ålesund og Volda.

Publikum finn rutetidene i reiseplanleggaren gjennom FRAM-appen og på nettsida frammr.no