Balansegangen mellom forvaltning av rovdyrbestandar og fornuftig utnyttinga av fjellbeite til matproduksjon er hårfin.  Rovdyrforvaltninga krev det skal være bæredyktige stammar av rovdyra våre, samtidig som ein skal utnytte prima utmarksbeite.

I landbruksmeldinga står det at vi skal være eit berekraftig og aktivt landbruk, med auka bruk av lokale ressursar. Konkret seiast det at beitinga skal aukast og flaskehalsar fjernast. Dette passar da også bra for Trollheimen som er verneområde. Ein viktig del av forvaltninga av landskapsvernområdet er bruken til beiting. Den nye forvaltningsplana for rovvilt i region 6 er for så vidt på gli når det gjeld å ta hensyn til dette, men det er framleis mykje som står att.

Leiar i Møre og Romsdal bondelag, Oddvar Mikkelsen er einig i at hi-uttak og lisensfelling har vore til god hjelp for dei som har lidd store tap, men er ueinig i at tidlegsanking skal være ein del av denne løysinga. Tidlegsanking skal berre brukast som ekstraordinært tiltak.

- I ein felles uttale til den reviderte forvaltningsplan for rovdyr for distrikt 6 (Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka) er det også kommentert at forsinka slepp og tidlegsanking berre skal brukast i akutte situasjonar og da mot godtgjering.

Mikkelsen tykkjer det er bra at heile regionen no står samla om ein felles uttale om den nye forvaltningsplana, som mellom anna medfører justering av enkelte forvaltningsområder.

Oddvar Mikkelsen er som sagt fylkesleiar for Møre og Romsdal bondelag, og han sendte i vår 70 dyr på beite i området rundt Sula.

– Tapa er for så vidt moderat, med 1 sau og 3 lam, der eit lam som vart erstatta som tap på grunn av gaupa.  Mikkelsen fryktar at gaupa etter kvart skal skape meir bry, ettersom det ser ut til at det er etablert familiegrupper i området.