Nyheitssendingar frå California har vore prega av store skogbrannar i Napa-regionen, og området rundt byen Santa Rosa der brannen har hatt ei katastrofal utvikling. Fleire tusen hus er brent ned det siste døgnet, med enorme materielle skadar. Det har faktisk vore på livet laust.

Katastrofalt

– Men dei har klart å berge seg sjølve unna, og er no evakuert til eit trygt område, fortel søstera Line Kvendset til Driva.  Birgitte og Alberto har budd her i 20 år, og har altså no mista alt dei eig i denne brannen – hus og heim er flammenes rov.

Det har vore sterk vind i området, og dei kunne alt rundt midnatt natt til måndag kjenne røyklukt, og da vart det ganske fort snakk om evakuering på grunn av brannen som nærma seg fort. - Og snart var heile bydelen der dei bor eit inferno i flammar, der tusenvis av hus sto i fyr.

Etter at flammane hadde gitt seg seint i går kveld, var dei tilbake for å sjå. Da kunne dei berre konstatere at det verste har skjedd, og huset var brent ned - og alt er borte. Berre postkassen og murpipa stod att. Litt av eit sjokk dette, og det vil nok ta lang tid før ting blir normalisert og alle husa bygd opp igjen. Men sjølvsagt er vi glade for at Birgitte, Alberto og dottera Madelin er i god behald midt oppi dette, seier Line. Godt er det også at brannforsikring for hus og heim er på plass.

Birgitte og familie har vorte rådd til å halde seg i ro der dei er evakuerte, da det kan være farleg å være ute både med omsyn til både brann og stengte vegar.  Men kvardagen kjem nok ganske fort, og familien lyt både på arbeid og Madelin på skule. - Det blir nok litt problematisk å finne ein plass for å bu, og dette har dei alt begynt å jobbe med. Men her er det er nok mange andre som er ute i same ærend. - Dei hadde og ei campingvogn, som var parkert hos venner.  Men den har dei har ikkje fått sjekka - om også den har gått med i brannen?

Bekymra for mor si

– Line har også vore bekymra for mora Jean Kvendset som også bur i Pope Valley, som også legg i Napa-regionen – ein times køyretur unna.  Ho har og kjent røyklukt, men dette området har ikkje vore ramma av brannen enno. Ho har vore straumlaus det siste døgnet, og har dermed hatt problem med å følgje med på nyheitssendingar. Onsdag kom straumen att, så no fungerer både TV, radio og breiband.

- Jean føler seg så langt trygg, og ho har fasttelefon som verkar, og kan dermed halde kontakten med både Santa Rosa og familien der, og med Line og resten av familien i Todalen.