Ho viser til at etter det samferdselsminister Solvik-Olsen sa i forrige periode, skulle startløyvinga ha kome allereie i 2016. No som framlegget til statsbudsjett for 2018 er klart, er strekninga ikkje med. Det meiner ho det er all grunn til å vera skuffa over.

Set sin lit til Stortinget

Klinge har håp om at stortingsfleirtalet skal få til meir enn det regjeringa sjølve vil.

– Vi i Senterpartiet har slått fast at denne strekninga er ei av dei vi vil prioritere å løyve pengar til. Vi har hatt strekninga inne i tidlegare alternative statsbudsjett. Det kjem vi sjølvsagt til å gjera no òg, men vi er avhengige av fleire parti for at det skal kunne bli fleirtal på Stortinget for dette. Det handlar om ei startløyving som burde kome på plass tidlegare, og som vi no må kjempe for å få på plass i budsjettet for 2018.

– Distriktsfientleg

Jenny Klinge meiner framlegget til statsbudsjett for øvrig viser at regjeringspartia held fram med å vera distriktsfiendtlege og usosiale.

– Ja, eg meiner det. Eit døme er at 100000 pendlarar mistar frådrag, og at det kjem nye kutt i midlar som skal gå til å drive distriktspolitikk. I tillegg blir midlane til å byggje breiband i distrikta halvert. Det vil ta 90 år å oppnå god breibandsfart i distrikta viss ein held fram med det tempoet som regjeringa legg opp til, og det er ikkje bra nok rett og slett, seier ho.

Bør ikkje nedprioriterast

– Elles er det skuffande at regjeringa vil kutte 136 millionar kroner til Heimevernet. Vi i Senterpartiet la i fjor tvert imot opp til å auke HV-budsjettet med 300 millionar kroner, for å fullfinansiere ein HV-styrke med 45 000 soldatar og å sikre moderne våpen og utstyr til heile områdestrukturen til HV. Dette er ikkje tida for å nedprioritere Heimevernet, seier Klinge.

– For alle oss som er opptatt av folkehøgskulane, er det også negativt at regjeringa igjen gjer framlegg om å kutte tilskot til kortkursverksemda. Dette er ein viktig del av verksamda til ei rekkje folkehøgskular.