I dag har politimeisteren oppheva ferdsels- og opphaldsforbodet under fjellet Mannen. Dei som bur i området kan dermed flytte heim igjen.Forbodet som gjaldt togtrafikk er og oppheva slik at Raumabanen kan gjenoppta normal trafikk.

Snø og lågare temperatur har gjort at rørslene i fjellet har gått ned.

- Det er nok gjort no, det er vinter, seier sjefgeolog Lars Harald Blikra til NRK.

Han seier dei kjem til å legge meir vekt på rørslene nederst i det skredutsette fjellpartiet Mannen i framtida. Det inneber truleg at det skal meir til før NVE set farenivået til raudt, og som gjer at dei som bur under fjellet må bli evakuerte.