Pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune:

Under dag ein av ungdommens fylkesting (UFT) vart Halsa kommune stemt fram som årets ungdomskommune av delegatane på tinget. Halsa kjempa mot Herøy og Molde om den gjeve tittelen.

UFT-delegatane frå dei tre nominerte kommunane, fekk 15 minutt til å presentere kommunen sin og fortelje kvifor akkurat deira kommune fortente å bli årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Etter voteringa stakk altså Halsa av med den gjeve sigeren.

Halsa ungdomsråd ønsker å vere ein aktiv pådrivar for ungdommen i kommunen, og arrangerer fleire aktivitetar for og av ungdom gjennom heile året. I tillegg er ungdomsrådet strekt politisk engasjert, og får vere med på å sette saker som engasjerer ungdommen i kommunen på dagsorden.

Det siste året har Halsa ungdomsråd mellom anna deltatt i kommunereformarbeidet, jobba med temaplan for kulturminne og plan for barn og unge, heldt kurs i bruk av iPad for eldre, jobba med ungdomsintegrering, arrangert swingkurs for ungdom, skitur til Oppdal, og jobba med å betre kollektivtilbodet i kommunen.

Kva er Årets ungdomskommune?

Kvart år kårar ungdommens fylkesting årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Prisen skal gå til ein kommune som har utmerkt seg ved å legge til rette for ungdommar gjennom medverknad, skape gode møteplassar, bidra til eit allsidig fritidstilbod, eller på anna vis har gjort ein særskild innsats for ungdom i kommunen.

Prisen består av ein diplom og kroner 10 000 som ungdomsrådet i årets ungdomskommune skal nytte til prosjekt/tiltak som vil gagne ungdom i kommunen.