På siste dag av ungdommens fylkesting blei det nye ungdomspanelet for 2017 valt. Den nye leiaren er Urtė Karanauskaitė (17 år) frå Sande, nestleiar er Ulv Karlsen Ottem (17 år) frå Sunndal.

Ungdomspanelet 2017: Bak f.v. Gunhild Holm, Håkon Lykkebø Strand, Ola Mæle, Ulv Karlsen Ottem, Petar Milic, Ole Stensby, Ole August Iversen, Første rad f.v. Lene Vadseth Larsgård, Silje Sandøy Husøy, Andrine Sanden, Urtė Karanauskaitė, Siril Ræstad, Hedda Haugen, Sigurd Farstad

Den nye leiaren og nestleiaren for ungdomspanelet, Urtė Karanauskaitė og Ulv Karlsen Ottem, har allereie vore medlemmar av ungdomspanelet i eit år, og kjenner derfor godt til arbeidet som ungdomspanelet skal utføre.

Engasjert og dedikert ny leiar

Valkomiteen skriv i innstillinga si at Urtė er ei engasjert og sprudlande jente som har ein klar visjon for korleis ho vil leie ungdomspanelet det neste året. Ho er eksepsjonelt flink til å ordlegge seg munnleg og skriftleg, ser alle rundt seg, er flik til å samarbeide og passer på at alle får sagt meininga si.

Urtė er partipolitisk nøytral, og fortel at ungdomspanelet vil vere hennar største prioritet det kommande året.

Ungdomspanelet skal jobbe for ungdommen i fylket

Ungdomspanelet er ungdommens fylkesting sitt arbeidsutval. Dei har om lag 9 møte i året og skal representere ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå og ha kontakt med lokale ungdomsråd. Gjennom ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommar sitt samfunnsengasjement og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar. Ungdomspanelet skal vere eit høyrings- og rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune. Ungdomspanelet kan sjølv ta opp saker dei ønsker fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen.

Ungdomspanelet har ni medlemmar og fem varamedlemmar. Medlemmane skal veljast frå representantane på ungdommens fylkesting og det sittande ungdomspanelet. Medlemane i UP blir valt for to år og skal bestå av ungdom mellom 15 og 23 år som har tilknyting til fylket i den aktuelle valperioden.

Det nye ungdomspanelet:

Leiar: Urtė Karanauskaitė, 17 år, Sande (1 år)

Nestleiar: Ulv Karlsen Ottem, 17 år, Sunndal (1 år)

Medlem: Lene Vadseth Larsgård, 18 år, Ålesund (2 år)

Medlem: Ole Stensby, 18 år, Surnadal (2 år)

Medlem: Silje Sandøy Husøy 16 år, Sandøy (2 år)

Medlem: Ole August Iversen, 18 år, Aukra (2 år)

Medlem: Hedda Haugen, 15 år, Sunndal (2 år)

Medlem: Håkon Lykkebø Strand, 21 år, Ålesund (1 år, ikkje på val)

Medlem: Ola Mæle, 18 år, Aure (1 år, ikkje på val)

Varamedlemmer (1 år)

1. vara: Andrine Sanden, 18 år, Sula (1 år)

2. vara: Gunhild Holm, 18 år, Smøla (1 år)

3. vara: Petar Milic, 16 år, Haram (1 år)

4. vara: Sigurd Farstad, 17 år, Molde (1 år)

5. Vara: Siril Ræstad, 18 år, Midsund (1 år)