«Fossheim du vårt fine hus

Her du ligg nær fossens brus ...»

– Ja, det måtte bli Fossheim, smiler Dag Runar Sylte.

– Det var eit mål heile vegen i denne prosessen – at musikken skulle framførast første gongen i Fossheim. Det er jo heimplassen, det, seier han.

Kommande laurdag vil Sylte saman med Øystein Sandbukt spele alle songane frå CD-en, når dei saman med Nils Ulvund inviterer til ein kveld med «Fossadur i ord og tonar». Ein intimkonsert, seier han – her skal det vere nært, tett på, med neddempa musikalsk uttrykk – og med ordet og tekstane i fokus. Scena flyttast ned blant publikum, og dei tre håper å få til ei fin stund der folk i salen kan komme med innspel og kommentarar undervegs i kvelden. I tekstane til Gjertrud Ulvund – om turar til Storrabben, om fest i Fossheim og om fullmånen som skin over Ålvundfjord og lovar så trolsk ei natt – kjem det tydeleg fram at ho hadde eit varmt og bankande hjarte for heimbygda. Mange minner kan nok bli vekka til live og bli delt over borda på Fossheim denne laurdagskvelden.

Kvelden vil starte med eit kåseri. Nils Ulvund seier han vil forsøke å få fram korleis Gjertrud var som person, vil kome inn på ressursane ho hadde i seg, snakke litt om korleis han trur tida forma ho og påverka livsvalga ho tok. Det seiest om ho at ho hadde gode evner på skulen. Evner som i dag kunne gitt gode moglegheiter for ein skulegang. I staden vart ho åttebarnsmor på ein jordlaus plass. Dei flotte tidsbileta ho skreiv, dei fine skildringane av kvardagslivet – kanskje bruka ho blyanten og ordet som eit middel til å løfte fram livsgleda i ein krevjande kvardag, undrar Ulvund.

– Eg har tenkt mykje på dette, seier han.

– Å løfte fram denne typen historie, denne typen menneske, det er viktig. For meg er Gjertrud eit symbol på folket som la grunnlaget for det gode velferdssamfunnet som vi har i dag.

Det var Ulvund som på mange måtar utløyste heile prosjektet, da han i 1989 kom over fleire bereposar med avisutklipp i arven frå tanta si i Ålvundfjord – mellom anna dikt skrivne av lokale forfattarar. Blant dei Gjertrud Ulvund. Dikta vart seinare framført under eit arrangement i Fossheim, og tanken var å gje ut ei lokal diktsamling. Tida har gått utan at det har skjedd, men med CD-utgjevinga og no konsert trur Ulvund dikta når ut til folk på ein heilt annan og kanskje vel so fengande måte.

Både Sylte og Ulvund seier at dei hugsar ho «Gjættru Ørå» godt.

Ho døydde i 1972, 73 år gammal.

Gjennom kvelden på Fossheim skal det visast bilete som passar til songane – mellom anna har Ulvund førebudd seg på å vise bilete av Storrabben – «den finaste plassen du såg, kor du vendt og kor du for, det er mange fine plassa her i vår Ålvundfjord» – og korleis landskapet har forandra seg gjennom åra.

– Vi håpar mange vil ta turen til Fossheim laurdag kveld, seier Sylte. Han trur arrangementet vil kunne treffe både folk som har interesse for og kjennskap til folk og liv i Ålvundfjord, og alle som liker lokal musikk.

«I kveld det er i Fossheim fest

Ver alle velkommen frender som gjest

Musikken ljomar høgt under tak,

kom slå deg på helanj og vera ikkje spak».

Det er Sunndal Mållag som er arrangør. Før og etter sjølve programmet, som vil vare i ein god time, vert det rikeleg tid til ein god prat med kjente rundt borda på Fossheim – og moglegheit for å kjøpe både snacks og god drikke. Inntekta frå salet går til Fossheim.