– Sørgeleg det som skjedde i går, sa Toril Melheim Strand (Ap). – Det er det delte meiningar om, repliserte ordfører Rolf Jonas Hurlen.

Bakgrunnen for ordvekslinga var onsdagens budsjettforlik mellom regjeringspartia, Venstre og KrF der det er fleirtal for å fjerne den såkalte maskinskatten. Dette vil få betydelege negative økonomiske konsekvensar også for Nesset kommune. Melheim Strand hadde forfatta eit forslag til uttale fra kommunen som skal oversendes Mørebenken. Ikke alle var einige i formuleringane. Det måtte nokre justeringar til før seks av sju i formannskapet støtta følgande uttalele:

Formannskapet i Nesset kommune går sterkt imot den føreslegne endringa av eigedomsskatten på verker og bruk, også kalla maskinskatten. Denne endringa vil gå hardt utover mange små landkommunene som har stilt naturområda sine til rådvelde for storsamfunnet. Kommunane mister handlingsrommet og høve til å oppretthalde tenestetilbodet til innbyggjarane.

Istaden er det staten som sikrar seg større inntekt både frå bedriftsbeskattninga (der eigedomsskatten er frådragsberettinga), og som utbytte frå statseigde selskap.

Industribedrifter høyrer til lokalt og vil gjerne bidra lokalt. Blir eiendomsskatten fjerna, må bedriftene betale meir skatt til staten. Det er likevel kommunane som har ansvaret for tilrettelegging av nødvendig infrastruktur og velfungerande velferdstilbud både for bedriftene og dei tilsette.

Mange distriktskommuner har gjeve si tilslutning til store utbyggingar og industrianlegg i tillit til at verksemda vil leggje igjen inntekter lokalt. Dersom dette blir vedteke forventar formannskapet at kommunane får kompensasjon for bortfall av inntekt.