For det er vel ingen norsk filmregissør som har hatt slik uttelling som Hallvar. Han har laga to (kort)filmar: den eine vann Student-Oscar og var nominert til sjølve Oscar-prisen – og den andre var nominert til Gullpalmen i Cannes. Ja, det er berre ein einaste norsk regissør gjennom tidene som har vorte nominert til begge desse prisane: Arne Skouen for «Ni liv» i 1959.

Det er ikkje så mange åra sia Hallvar WItzø budde i kiosken på Nordmøre Folkehøgskule, som assistentlærar på filmlina der. Men det var altså før filmstjerna Jennifer Garner delte ut Student-Oscaren til Witzø, og før Hallvar stilte opp på gruppefoto saman med Scorsese, Spielberg og andre store namn.

Men det er ikkje «glamor» som er det mest beskrivande ordet for dei som lagar kortfilm her til lands. Så Hallvar vil kome innpå det som må til for å få salt til maten som filmregissør i Norge. Ein blir nemleg ikkje mett av å ha laga to kortfilmar på fire-fem år. Så her må ein spe på med litt reklamefilm, Giertsen-komikk og sommarkrim for å få det til å gå rundt.

Både «Tuba Atlantic» (25 minutt) og «Ja vi elsker» (15 minutt) vil bli vist på «torsdagstreffet». Begge er artige, folkelege – med ein alvorleg undertone – og så eksotisk «norske» at eit utanlandsk publikum og kritikarkorps vart storbegeistra.

- Vi måtte flytte treffet frå onsdag til torsdag denne gongen, men elles er alt som før. Kaffe og kake er difor også medrekna i inngangsbilletten denne gongen, skriv Steinar Hasselø i Surndal kulturhus  i ei pressemelding.