Mykje har gått Todalsfjordprosjektet sin veg det siste året. Prosjektet er på førsteplass på fylkeskommunen si prioriteringsliste, og det skjer spennande ting rundt finansieringa. Torsdag møttest representantar frå Statens vegvesen, fylkeskommunen, Todalsfjordprosjektet og den administrative leiinga i Surnadal og Sunndal i Molde til oppstartsmøte for kommunedelplanarbeidet.

– I dette arbeidet skal det planleggast korleis vi skal komme oss frå Øygarden på Nordvik over til Ålvundfossen. Kommunedelplanarbeidet skal avklare plassering av brua og kva type bru som skal byggast, seier Bergsvein Brøske.

– Passerte milepæl

Han seier vegvesenets folk har jobba ei tid med planane, men at torsdagens møte var det formelle oppstartsmøtet.

– Det var eit godt og konstruktivt møte. Eg føler på eit vis at vi passerte ein milepæl igjen.

– Framdriftsplana seier det skal utarbeidast konsekvensutgreiing (KU) i 2019. Det er viktig å ha denne klar for slik å unngå å møte store hindringar vidare i arbeidet. Om tre år skal kommunedelplanen vere klar. Deretter skal det utarbeidast reguleringsplan.

– Når kan spaden settast i jorda?

– Det kjem an på ulike faktorar. Ikkje minst økonomi. Det blir spesielt viktig å følge sporet som kan gje mulegheiter for å krevje bompengar i inntil 40 år. Da blir prosjektet sjølvfinansierande. Todalsfjordprosjektet blir viktig for dynamikken på indre Nordmøre. Målet vårt er at spaden kan settast i jorda i 2023 – 2025.

– Historisk dag

Rådmann Ragnhild Dyrnes i Sunndal og kollega Knut Haugen i Surnadal var begge med på møtet i Molde. Dyrnes er glad for at det er vegvesenet som no tek ansvaret for den vidare planlegginga. Det er svært viktig at det blir gjort grundig slik at ein unngår å kome i ein situasjon der ein må gjere opp att noko.

– Møtet i Molde opplevde eg som svært positivt. Vi som var der meiner det var ein historisk dag for prosjektet. No er planlegginga i gang og vi er eit langt steg nærare realisering, seier Dyrnes.