Han kan sjå tilbake på ei svært så aktiv veke som leiar av pensjonistforeninga. Tysdag inviterte foreninga i samarbeid med pensjonistane i Fagforbundet og Industri Energi til ope møte i Velferdshuset på Hydro Aluminium. Det var pensjonistane sine rettigheiter og mulegheiter som sto på programmet. Både Jan Davidsen i Pensjonistforbundet og tidlegare leiar i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund, Olav Støylen, snakka om pensjonistane sin plass i samfunnet.

Men først, underteikna hadde sitt første møtet med Knut Fredriksen på skulekontoret på Batnfjordsøra på åttitalet. Der var han gjennom fleire år tilsett som skulesjef i kommunen.

– Du er utdanna lærar?

– Ja, det er eg. Historia er slik: Eg er oppvaksen på Grøa, og starta på lærarutdanninga da eg flytta heimanfrå. Eg vart familisert og vi fekk til saman seks born i to ekteskap. Første jobben var som lærar i Herøy kommune – ikkje på Sunnmøre, men i Nordland. Etter ei tid flytta vi til Karlsøy i Troms der eg var lærer i fire år. Der var mørketida lang, og vi bestemte oss for at dei to gutane våre skulle få vekse opp på ein stad der var meir lys og sol. Vi flytta difor tilbake til Herøy.

– Den eldste guten vår vart plaga av allergi, og på Voksentoppen – barneavdeling under Rikshospitalet - vart vi oppmoda om å flytte til ein stad der det var innlandsklima.

– Vi valde Rindal der eg fekk jobb som rektor ved Bolme skule. Der var eg i fire år. I denne perioden vart det samlivsbrot mellom meg og kona. Eg fekk meg jobb på Sunnmøre eit par år før eg flytta til Gjemnes og skulekontoret der.

Det var i denne perioden Knut vart plaga med depresjon:

– Det hadde med stor arbeidsbelastning å gjere. Sleit med høgt blodtrykk, var stressa og vart etter kvart uføretrygda. Eg flytta tilbake til Sunndal, og bur no i Svisdal.

– Korleis vart du engasjert i pensjonistforeninga?

–Eg vart med i 2008, og kjente at engasjementet der gjorde godt for helsa. No er eg frisk frå depresjonen. Eg jobba ei tid med spesialundervisning for elevar på Gjøra, og det gjorde utruleg godt for helsa. Som alle andre kan eg sjølvsagt ha dagar som er tyngre enn andre, men engasjementet i foreninga har gjort meg veldig godt. Eg får gode tilbakemeldingar på arbeidet eg gjer, og trivst som leiar.

Knut Fredriksen tok på seg vervet som leiar i 2012. Da var foreninga i ferd med å stoppe opp.

–Det var ingen som ville ta på seg leiarvervet, og det vart snakka om at vi skulle slå oss saman med foreninga i nabokommunen. Vi var nokre som syntest det var for leit. Vi hadde 300 medlemar og pengar på bok. Det vart til at Astrid Langset tok på seg vervet som kasserar medan eg tok på meg leiarvervet. Det var eigentleg meininga at dette berre skulle vare fram til neste årsmøte, men eg fekk sterk interesse for arbeidet i pensjonistforeninga.

– Korleis er situasjonen for pensjonistane i Sunndal?

– Inntrykket mitt er at pensjonistane i Sunndal har det godt slik som dei aller fleste pensjonistane her i landet. Vi har likevel ein del problemstillingar som vi ikkje veit så mykje om. Det går mellom anna på einsemd og grunnen til dette. Vi veit ikkje kor mange det er som føler seg einsame her i kommunen. I Sunndal er det ei målsetting at det skal bu folk i alle kretsane. Eg trur nok at det finst folk som føler på einsemda.

– Kva kan pensjonistforeninga gjer med det?

– Vi har pensjonistsenteret der aktiviteten er stor. Utfordringa er ofte transport. No er pensjonistsenteret i endring. Det skal vere ein del av Frivilligheitas hus i Sunndal. For framtida til pensjonistsenteret er det viktig at vi får med fleire yngre pensjonistar. Dette er ikkje spesielt for oss her på i kommunen. Slik er det stort sett over heile landet.

Knut Fredriksen seier det er dei eldste medlemane som stort sett møter fram når det er tilstellingar.

– Det er helst folk mellom 80 og 90 som er faste gjestar. Vi håper fleire unge pensjonistar vil bruke senteret framover. Det å engasjere seg i noko, bidreg til å halde hovudet klart og kroppen i form. Det blir sagt at einsemd er ein like stor trussel for folkehelsa som somatiske sjukdomar.

I mange kommunar går debatten om sjukeheimsplassar kontra omsorgsbustader med døgnkontinuerleg tilsyn. Knut Fredrisken meiner det er b ra at alternative buordningar blir diskutert. Han ser det som viktig at det blir tilrettelagt for bustader der begge i eit ekteskap kan bu, sjøl om det berre er den eine som skrantar.

Pensjonistleiaren ergrar seg over at det blir snakka om eldrebølgja på negativt vis. Gjerne i samband med sjukeheimsplassar og kostnader.– Dette er med på å stakkarsleggjere den friske delen av pensjonistane. Det bør vere ei suksesshistorie at vi lever lenger og er friskare enn før i tida.

– Har Knut Fredriksen tid til hobbyar utanom vervet i pensjonistforeninga?

– Eg likar å spele bridge. Veteranbridgeklubben på pensjonistsenteret møtes kvar måndag. Torsdagane kan vi møte nokre av landets beste bridgespelarar i Sunndalsøra bridgeklubb. Eg og to kompisar møtes elles til ein tippekveld i veka. Desse kveldane gjev også tid til den gode samtalen. Det er godt å ha ein slik møtestad. Og så er eg aktivitetsvenn for demente på Helsetunet. Og så er det slik da at når ein bur på eit småbruk manglar det ikkje på noko å henge fingrane i.

BYLINE