Den største potten kjem frå Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, som har løyva 855.000 kroner for å stimulere til nytenking kring bibliotekrommet. Midlane vart lyst ut i haust. Då fristen gjekk ut hadde det kome inn åtte søknadar, og fem av desse får støtte. Mellom dei som får støtte er biblioteket i Sunndal, med 150.000 kroner, og Tingvoll, med 300.000 kroner.

– Det er mange spanande prosjekt ute i biblioteka i fylket, og vi er glade for å sjå at det finst så sterk vilje til utvikling og nyskaping. Det er heilt i tråd med dei nasjonale føringane for biblioteka. Felles for prosjekta som har fått støtte, er at dei tek sikte på å styrke biblioteka si rolle som arena for deltaking, inkludering og demokrati, seier leiar i Kultur- og folkehelseutvalet, Marit Krogsæter.

Samstundes er det klart at Nasjonalbiblioteket deler ut 14 millionar kroner til norske folkebibliotek. 415.000 kroner går til Møre og Romsdal. Pengane skal gå til arrangement i biblioteka. Biblioteka som får mest er Molde bibliotek og Møre og Romsdal fylkesbibliotek.

– Fylkesbiblioteket kan no gjennomføre eit spanande samarbeid med biblioteka og voksenopplæringa i Ørsta, Giske, Rauma og Sunndal kommune. Dette er ei vidareutvikling av poesiprosjektet «Håp», som er retta mot innvandrarar og starta under Høstscena i Ålesund, seier fylkesbiblioteksjef Annette Koch.

– Vi er svært glade for å sjå at biblioteka i fylket er kreative og framoverlente både når det gjeld arena- og arrangementsutvikling. Dei har ei viktig rolle i både demokrati, kulturliv og læring, og desse midlane er med på å sikre at dei kan nå måla sine, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.