Samisk språk på Nordmøre?

Fleire artiklar i siste årgang av ”Du mitt Nordmøre” tek opp spørsmålet om samar og norsk minoritetspolitikk.
Nyheter

Dette er absolutt prisverdig, men når det gjeld den språklege sida av dette, går det dessverre litt over stokk og stein.

Kirsti Guvsám seier i sin artikkel at ho ikkje visste at nordmøringar snakkar samisk, og ”truleg veit dei det ikkje sjølve heller”. Einaste eksempelet ho gir, er ”hivens” (’bra, fint, godt’), som skal finnast som ”hijven” på sørsamisk, med liknande tyding. Her er det jo ikkje godt å slå fast eintydig kva veg eit eventuelt ordlån har gått. I ein seriøs diskusjon om dette måtte ein også ta med adjektivet hiva ’svært bra, framifrå’ og mogleg samanheng med finsk hyvää ’bra’.

I neste artikkel, ”Spor av samisk språk på Nordmøre”, blir det reprodusert nokre idéar frå artikkelen ”Samisk historie på Nordmøre og i Sør-Fosen”, publisert på nettstaden lokalhistoriewiki.no i 2009, om ord som skal ha samisk etymologi. ”Hivens” er med her også, i tillegg til ord som ”gaffe” (‘tosk, gap’), ”søtjo” (‘stikkemygg’) og nokre til. Det heiter om desse at ”i nordmørsmålet finst det fleire ord som har samiske røter”, som om dette skulle vera eit uomstridd faktum.

Eg vil ikkje avvise at det kan finnast ordtilfang i nordmørsmåla som kan vera påverka frå sørsamisk. Men for dei orda som her er framme, må tanken om samisk tilknytning sjåast nettopp som forslag.  Orda har for lengst andre forslag til etymologi  som er minst like sannsynlege. ”Gaffe” er det for eksempel vanleg å sette i samanheng med gap, og eg for min del har i blogginnlegg gitt uttrykk for at ”søtjo” rett og slett kan vera samansett av adjektivet søt og personnamnet Jo (i staden for å utleie det av sørsamisk sætnjoe ’kløe’ og tjoere ’insekt’). Ein burde i alle fall kunne opplyse lesarane om at finst nokså plausible alternativ.

Det finst fleire eksempel, frå andre fora. Vi har nokre naturnamn med Dordi i førsteleddet (som Dordinakken, Dordihaugen). Her vil ein gjerne sjå eit sørsamisk adjektiv med tyding ’tverr’. Dette har vore drøfta i programmet Språkteigen, og lever sitt liv på nettet. Folk med kompetanse på namneforhold i språkkontaktområde vil nok vende tommelen ned for ein slik teori, er eg redd. Kanskje det er så enkelt at vi rett og slett har å gjera med kvinnenamnet Dordi.

Kolbjørn Aune vart kritisert for å ”skrive om historia” da han i Årbok for Fosen historielag omtalte namnet Bækso. Aune forklarar dette greitt ut frå kjent nordmørsk ordmateriale, som ei bekse ‘noko som hindrar, er i vegen’. Det er namn på ein husmannsplass, og da den vart lagt ut, tykte mange det var trongt og vanskeleg å komma forbi der med krøtter som skulle på utmarksbeite. Også dette skulle vera samisk, og endatil Merraholet, som er nemnt i same artikkel! Til og med det karakteristiske adjektivet ”lænt” eller ”læne” (’kjekt, artig’) i trondheimsmål skal i følgje enkelte kunne skrive seg frå eit liknande sørsamisk ord som betyr ’slå gneistar’.

Det eg saknar, er ei påvising, eller i det minste ei sannsynleggjering, av den kultursamanhengen som skal ha ført til ei slik språkleg overføring som no blir slått fast som eit faktum og som begynner å leva sitt eige liv i forskjellige publiseringskanalar.

Men dette er eit minefelt, og det er stor fare for å bli tillagt oppfatningar ein ikkje har. Om eg er skeptisk til at akkurat desse orda og namna vitnar om påverknad frå sørsamisk, vil ikkje det seie at eg avviser at samar kan ha halde til i området, gjerne også i eldre tid.  Eg er på ingen måte motstandar av at det samiske får sin rette plass i samfunnet og i historia, både i nord og sør. Men eg kan ikkje sjå at det tener saka å føre språklege ”bevis” på så tynt grunnlag som her blir gjort.

I facebook-gruppa «Språkspalta» gjekk det i desember i fjor ein diskusjon om opphavet til ordet jul, med ein undertråd der ein kom inn på stadnamn. Også her vart samisk trekt inn.  Jan Wesenberg kom da med nokre kloke ord som eg tillet meg å sitere: ”frisk hypotesegenerering er helt i orden, men da bør man ha en tilsvarende stor mental plakat mot egen confirmation bias” (som eg ser er omsett med ”bekreftelsestendens” eller ”bekreftende forutinntatthet”, min merknad). Og vidare: ”når vi merker at en hypotese vi har er ekstremt spennende og vi har veldig lyst til at den skal vise seg å være sann, så er det fare for å miste dømmekraften. Det gjelder oss alle i kjepphestmodus”. Til slutt: ”hypotesen om at skandinaviske ord og toponymer (d.e. stadnamn, min merknad) massivt har samisk opphav er en djerv hypotese som bærer i seg faren for at man skal ønske intenst at den skal vise seg å være sann. Dvs at man kan komme til å lete etter og håndplukke bekreftelse for den. Det er det som menes med confirmation bias. Og jeg sier ikke at det er slik, jeg bare sier at det er en iboende fare i all hypotesegenerering”.

Dette kan eg berre slutte meg til, og vi bør alle vera på vakt mot å gå i slike feller. Og: Det er ikkje berre sunt, men heilt framifrå å vera kritisk til etablerte sanningar, men da må ein også godta at det ein sjøl kastar fram, blir underlagt same kritiske vurdering.


Trondheim, 4.1.2018

Tor Erik Jenstad