Kvanne-Rykkjem får e-ferje

Fra 2020.

Fosile ferjer skiftes ut til fordel for e-ferjer.

Nyheter

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakten for ferjesambanda Edøya – Sandvika, Arasvika – Hennset, Seivika – Tømmervåg og Kvanne – Rykkjem til Fjord1 AS. Alle strekningane untatt Arasvika-Hennset får e-ferjer.

Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk.

Rutetilbodet blir forbetra med mellom anna krav om to ferjer på Edøya-Sandvika, i tillegg til at det blir fleire avgangar i helgane på Seivika-Tømmervåg utover dagens nivå.

Reduksjon av utslepp

Det vil bli brukt fem plug-in elektriske ferjer med ein høg hybridiseringsgrad. Med miljøferjene blir CO2-utsleppa redusert frå om lag 9.450 tonn årleg, til om lag 2 312 tonn årleg. Dette er ein reduksjon på over 75 prosent av slike utslepp.

Kontrakta startar opp i 2020 

Den nye kontrakten startar opp 1. januar 2020. Reiarlaget kan bruke overgangsmateriell det første året av kontrakten på Seivika-Tømmervåg og Edøya-Sandvika, medan kaianlegga blir rusta opp. Fjord1 AS har tilbydt den lågaste prisen og har full skår på miljøpoeng.

God konkurranse

- Det har vore god konkurranse om oppdraget og vi er glad for den store reduksjonen av miljøutslepp som vi vil oppnå på ferjene på Nordmøre. Sjølv med god konkurranse om kontrakten, auker utgiftene til fylkeskommunen sidan det er sett krav til miljø og eit elles kraftig forbetra tilbod, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Kontraktsummen er 1,884 milliardar kroner. Fylkeskommunen vil også få ein betydeleg kostnad knytt til oppgradering av ferjekaiene.