Andreassen meiner Sunndal og Surnadal i framtida bør samarbeide i langt større grad enn i dag.

– Eg tenker spesielt på offentlege tenester som PPT, barnevernstenester, legetenester og så vidare, offentlege samarbeid som vi vil miste til Molde, og som Surnadal mister til andre kommunar.

Han påpeiker at enten Sunndal held fram åleine med litt over 7000 innbyggarar, eller om dei møter framtida saman med Surnadal i ein kommune med 13–14 000 innbyggarar, så må dei same tenestene uansett vere på plass.

– Vi har jo allereie SuSu-samarbeidet, og dette fungerer veldig godt, påpeiker han.

I eit tidlegare felles formannskapsmøte i Surnadal tok han til orde for å på nytt sjå på ein mogleg kommunesamanslåing. På sikt meiner han alle vil vere best tent med at Sunndal og Surnadal blir til ein kommune.

– Om vi skundar oss nå så får vi Todalsfjordprosjektet på plass. Eg trur at det prosjektet som er først ute av Todalsfjorden og Halsafjorden blir realisert, det er ikkje økonomi til begge. Og når Todalsfjordprosjektet er ferdig realisert så ligg alt til rette for at Sunndal og Surnadal bør bli ein kommune, fastslår han.