Stortingspolitikar Jenny Klinge fra Surnadal vil at ungdom i puberteten skal få sove ein time lengre om morgonen. Ho vil difor ha seinare start på skuledagen for ungdom som startar på skulen før klokka ni på morgonen. Dette anten dei går i ungdomskulen eller på vidaregåande skule. Klinge seier til nrk.no at forsøk i USA og Bodø visar positive resultat.

– All forsking viser at ungdom treng å stå opp seinare i puberteten. I praksis tvingar vi tre årsklasser til å stå opp for tidleg. Dette går utover helsa og prestasjonane. Difor bør det vere eit enkelt val å la elevane sove lenger, seier Klinge til nrk.no.

Klinge spør kunnskapsministeren om han vil vurdere dette for norske ungdommar. Forskar Ståle Pallesen ved Universitetet i Bergen er positiv til forslaget til Klinge, men meiner det må forskast meir på norske forhold, skriv nrk.no.

– Døgnrytmen vert forseinka når ungdom er i puberteten. Å bygge opp søvnbehov tek lenger tid. Vi veit at ungdom får betydeleg mindre søvn enn dei treng. Utsett skulestart er eit aktuelt tiltak, seier Pallesen til nrk.no.