No hastar det!

Fordelinga mellom Halsa, Rindal og Surnadal er god – men det er altfor få som har meldt seg på UKM så langt. Påmeldingsfristen går ut fredag 26. januar kl. 0800.

34 unge har, fram til no, meldt seg på når Ung Kultur Møtes (UKM) i Surnadal kulturhus 3. februar. Fordelinga er god, også med tanke på kva desse vil vise fram. Her blir det både musikk, teater, dans og ei flott utstilling.

Men alt blir enda flottare om fleire deltek! For UKM er ikkje først og fremst ein konkurranse; men ein møteplass der ungdom kan vise kva dei skapar og interesserer seg for. Difor er oppmodinga enkel til dei unge: Gå inn på ukm.no og meld deg på!

Innsendt av Steinar Hasselø, Surnadal kulturhus.