- Fylkeskommunen er avhengig av drosjane

Fylkeskommunen er avhengig av at det blir oppretthalde drosje i distrikta, for å kunne løyse dei transportordningane fylkeskommunen har i dag og har planer om i framtida.
Nyheter

Møre og Romsdal fylkeskommune ser kor avhengig dei er av drosjane i distriktene kvar dag. Pasientar skal til sjukehus, ungar med brekt fot skal til skule, eldre treng drosje for å komme seg til butikk eller sørvisinstitusjonar og ungdommar treng å komme seg trygt heim for ein 50-lapp.

- Å oppretthalde drosje i distrikta er viktig for både kommunane, innbyggjarane, ruteselskapa og fylkeskommunen, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Distriktsdrosjane er på si side avhegngig av den fylkeskommunale bestillingskjøyringa og pasienttransportane. Drosjenæringa er dei som no står for det meste av pasienttransportane i fylket. Men helseforetak og drosjenæring slit med å finne ei økonomisk løysing som er regningssvarande for begge partar. Problemet for helseforetaka er å gi oppdrag til lågt prisa anbud. Anten kjem ikkje drosja i tid eller selskapet som driv etter anbud klarar ikkje å stå løpet ut økonomisk.

- Vi prøver best mogleg å legge til rette slik at køyregrunnlaget for drosjane skal bli oppretthalde/eller auka gjennom fylkeskommunale transportar, til dømes bestillingstransport, skoletransport og rutekøyring, sier Gutlevik.

Fylkeskommunen meiner kommunane i liten grad engasjerer seg for å auke køyregrunnlaget til drosjane. Den tidlegare opparbeidde 24-timars vaktberedskapen drosjane har hatt vil kunne forsvinne. Dette er noko kommunane i ettertid oppdagar for seint når drosjetilbodet er borte.

Framleis er det diskusjon rundt om i kommunane om kjøp av institusjonsbilar/-miljøbilar.

- Vi meiner at kommunane nøye bør vurdere kostandene ved både innkjøp og drift av slike småbussar. Nedgang i køyregrunnlaget for dei spesialutrusta drosjane har medført/vil kunne medføre at transporttilbodet for dei funksjonshemma/rullestolbrukarar forsvinn, seier Gutlevik.

Mange eldre og uføre i kommunane vil ved bortfall av drosjeløyve få problem med å kome seg til og frå serviceinstitusjonar, butikk og lege. Fylkeskommunen har tidlegare (12. november 2014) orientert fylkeseldrerådet om situasjonen for distriktsdrosjane. Eldrerådet har gjeve kommentarar til Økonomiplanen 2015-2018 om bestillingstransport med drosje.

I Kollektivstrategi 2012-2021 har fylkeskommunen som mål å arbeide for å samordne dei transportane Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr. I tillegg er det ved organisering av bestillingstransport eit mål å opprette eit felles køyrekontor.

- I distrikta skal vi ha eit samarbeid med kommunar, stat, drosjenæringa og andre for å få til god løysingar for bestillingstransport, seier Gutlevik.

Målet til fylkekommunen er å sjå dei ulike transportbehova ute i distrikta i samanheng, og å samordne desse transportane gjennom ei felles bestillingsordning, jamfør prøveprosjekt på bestillingstransport. Fylket er no i gong med å teste ut ei slik samarbeidsløysing – FRAM Flexx.

- Det må fokuserast på samarbeidsordningar mellom drosjeløyvehavarane for å leggje til rette for eit best mogleg køyregrunnlag, arbeidstilhøve, rekruttering til yrket og til framhaldande tilgjenge for drosjetenester, seier Gutlevik.