Leikarvollen scene feirer fem år med Halvdan Sivertsen

Halvdan Sivertsen held konsert i Bøfjorden.
Nyheter

Leikarvollen Scene melder:

Den folkekjære artisten frå nord gjestar Leikarvollen Scene i Bøfjorden fredag 7.september – Halvdan Sivertsen har levert vakre songar i ein mannsalder og er ein av dei største musikarane vi har i Norge. Ja vi kan nok kalle han ein legende! Dette blir ein stor kveld på Leikarvollen Scene!

Initiativtakar Kay Edvin Nessæther kan òg nevne at konserten med Halvdan Sivertsen blir eit lite 5 års jubileum som konsertarrangør! Det starta med Steffen Jakobsen, Basstema frå Grimstad, kjent frå Idol på TV2 i 2014, Vidar Johnsen, vokalist i Vamp, i 2015, Frode Alnæs med fullt band i 2016 og Odd Nordstoga solo i 2017. I år skal det heile toppast med ein unik, varm og humoristisk aften med sjølvaste Halvdan Sivertsen.

Halvdan Sivertsen treng vel eigentleg ikkje noko presentasjon men vi nevner likevel at han spelte i supergruppa «Gitarkameratene» saman med Jan Eggum, Lillebjørn Nilsen og Øystein Sunde og at han har motteke Spelemannsprisen heile to gonger - Og så må vi ikkje gløyme at han var eit kjærkoment tv-fjes saman med «Labbetuss» på NRK på 80-talet!

Alle kjenner vel til songar som; «Nordaførr vårvisa», «Kjærlighetsvisa», «Sommerfuggel i vinterland», «Førr ei dame», «Venner» og «Bruremarsj fra Lødingen» for å nevne nokre!

Sivertsen er ikkje berre ein fantastisk musikar, men han krydrar også konsertane sine med ein dose stor humor og han har eit likandes vesen – det ligg med andre ord til rette for ein heilt spesiell kveld på Leikarvollen Scene til hausten!

Vi må også legge til at det sjølvsagt er Proper Produksjoner med John Ola Ulset i spissen som skal levere lyd, lys og teknikk – det er vi utruleg takknemleg for!

Meir info om billetsalg og praktiske ting rundt konserten kjem seinare.