Ønsker innspill om skole

FAU inviterer til orienteringsmøte.

Laila Buskenes Aune, FAU sin representant i plan- og byggenemnda og Annett Ranes, leiar FAU Surnadal Ungdomsskule.  

Nyheter

FAU Surnadal Ungdomsskule utnemnte i haust ein representant til plan og byggenemnda for prosjektet «Nye Øye skule». I nemnda har dei diskutert framdrift av prosjektet og dei ulike forslaga.

Etter kommunestyremøtet i november vart det bestemt at det er tre alternativ som skal vurderast. Eit av dei skal gå vidare til forprosjekt.

Har utreda tre alternativ til ny barneskole.

FAU har fått moglegheit til å koma med ein uttale på kva for dei tre alternativa dei meiner er det beste.

- Til dette ønskjer vi innspill frå alle foreldra. Vi har difor invitert til eit foreldremøte førstkommande måndag på ungdomsskulen, seier leiar Annett Ranes i FAU på Surnadal Ungdomsskole.

FAU Øye skule vil og bli med på møtet. Foreldra til borna på barneskulen er og invitert.

- Det vil bli ein orientering om prosess og dei tre alternativa frå Laila Buskenes Aune, før foreldra får komme med sine tanker, seier Ranes.

Aune sit plan- og byggenemnda.

- Vi håpar mange av foreldra kjem, då dette blir ein viktig beslutning for fremtiden for alle våre born, seier Ranes.