Det skriv grunneigarar i Eikesdal i sin høyringsuttale til forvaltningsplanen for Mardalen naturreservat. Det er Dovrefjell Nasjonalparkstyre som ber om innspel til utkastet til forvaltningsplanen. Høyringsfristen er sett til 28. februar.

Auka vassføring

Kommunestyret i Nesset kom med sin høyringsuttale i forrige veke. Der vart det peika på at planen ikkje må legge hindringar for ei eventuell forlenging av stien til opp under fossen. Det blir også peika på at auka vassføring i Mardalsfossen bør vere eit høgt prioritert tiltak. Kommunestyret ønskjer vidare at forvaltningsplanen bør opne for at bevegelseshemma, etter søknad, kan bruke turvegen med egna køyretøy.

I vedtaket viser kommunen vidare til høyringsdokumentet som fleire grunneigarar i Eikesdal har skreve under på.

Hjorten tek almen

I utkastet til forvaltningsplan blir det spesielt peika på utfordringane for det biologiske mangfaldet i området. Hjortebestanden er ei stor utfordring for rekruttering av alm. I tillegg forsvinn fossengane som ein følgje av redusert vassføring i Mardalsfossen.

Kommunen peikar på at når det gjeld å redusere hjortebestanden for slik å minske beitetrykket på almetre, er dette tiltak som ikkje lar seg løyse utan eit godt og konstruktivt samarbeid med rettighetshavarar i Eikesdal.

– Ikkje unaturleg

Grunneigarane peikar i sin uttale på dei utfordringane som tørrlegginga fossane og avslutninga av beiting i delar av verneområdet har ført til. Skogen har fått svært gode vekstvilkår.

– Dette er ikkje ei naturleg utvikling. Dette kjem først og fremst av at fossane er borte, skriv grunneigarane.

Dei meiner det utkastet til forvaltningsplan er gjort mykje grundig og godt arbeid, og at dei i hovudsak sluttar seg til dei overordna prinsippa og forslaga som er lagt fram i planen. Mellom anna hovudutfordringane rundt hjorteskade på alm og mangel på vatn med omsyn til attgroing.

Formidlingssenter

Dovrefjell Nasjonalparkstyre skriv i planen at Mardalen Naturreservat er heilt annleis enn dei andre verneområda som nasjonalparkstyret har ansvaret for Styret meiner difor at forvaltning, oppsyn og administrasjon av naturreservatet bør lokaliserast til Mardalen og bli knytt til Mardøla Formidlingssenter. Gjerne etter modell av Villreinsenteret på Hjerkinn, der forvaltninga er samlokalisert med informasjons- og besøkssenteret.

Nasjonalparkstyret ser og for seg at det i tilknyting til senteret, som skal byggast i tilknytnad til parkeringsplassen i Mardalen, skal gå føre seg både administrasjon, forvaltning, oppsyn, forsking, formidling og skjøtsel med meir. Dei ser for seg at det kan knytast fleire stillingar til senteret.

Ferdig til 2020?

Svein Atle Roset er leiar for prosjektstyret som arbeider med å få på plass formidlingssenteret. Han seier arbeidet er i ei mellomfase der det må takast stilling til kven og korleis et slikt senter skal drivast.

– I samband med arbeidet med forvaltningsplanen har vi håp om at statlege myndigheiter kan bidra med tilskot til senteret som skal formidle historia til kraftutbygginga i området. I 2020 er det 50 år sidan Mardølautbygginga. Vi har ikkje gjeve opp håpet om at senteret kan stå ferdig innan den tid, men dersom det kan bli snakk om statlege stillingar i tilknyting til senteret kan det nok gå lenger tid.

Roset fortel at det under årets Eikesdalsdagar skal arrangerast eit seminar i Eikesdal.

– Odd Einar Dørum var med på aksjonen i 1970. Han er interessert i å komme. Det er også stortingsrepresentant Carl-Erik Grimstad frå Venstre. Vi har og vore i kontakt med familien til Sigmund Kvaløy Setreng om dette.

Vil krevje fossen tilbake

Ordførar Rolf Jonas Hurlen håper forvaltningsplanen kan bli vedteke i løpet av våren.

– Utfordringa med slike planar er at det sjeldan følger pengar med til å drive god skjøtsel. Som det blir peika på i utkastet til forvaltningsplanen gror elvefaret igjen som ei følge av for lite vatn.

– Når arbeidet med vilkårsrevisjonen etter Mardølautbygginga kjem i gang i 2020, blir det helt klart eit hovudkrav å få vatnet tilbake til Mardalsfossen. Om det blir slik at fossen får renne fritt eller det skjer gjennom endringar i manøvreringsreglementet står att å sjå, seier Hurlen.