Helga før påske møter vi Toril Moe i Horisonten Restaurant i ein mini-cabaret med songar ho sjølv har vorte glad i – og i følge med god mat.

– Det var Tor Rune Halset som tok kontakt. Hotellet har hatt slike konsertar før med musikk og mat, og no tykte han det var min tur. Eg har fått med meg Brage Kristian Einum på tangent, Rune Dalager på gitar og Torbjørn Kvande på bass, og slik sett blir det ein ganske så akustisk og nedpå konsert – noko som kan passe i samband med servering av god mat.

Det blir altså matservering ispedd tre bolkar med Toril.

– Elles blir dette som ein liten teaser til ein planlagt konsert i Storstuå seinare i haust. Då er det nemleg cirka 20 år for midt mellom Stjerner i sikte og deltaking i norsk Melodi Grand Prix – som var i februar 1999.

I Stjerner i sikte på TV 2 fekk Toril verkeleg vist seg fram som songar med Celine Dion-låten «All By Myself». Ho vann den norske finalen, og vart nummer tre i den europeiske utgåva – European Sound Mix show.

Ja, korleis vart eigentleg livet etter seieren i Stjerner i sikte?

– Det vart litt ekstra styr – og ein god del songoppdrag. Eg fekk jo med meg at Anita Skorgan sat i juryen, men var ikkje klar over at ho heldt meg som favoritt. Så var det før jul i 1998 eg og Håvard var på veg heim etter at eg hadde hatt ein opptreden i Sunndal. På ferja fekk eg ein telefon – eg hadde nett fått meg mobil – frå ukjent nummer og ei kvinne presenterte seg som Anita Skorgan. Ho opplyste at ho hadde fått i oppdrag å skrive ein låt til komande års Melodi Grand Prix, og at ho og Freddy Dahl hadde skrive ein song dei ønskte at eg skulle synge. Eg var rimeleg sikker på at det var nokon som tulla med meg, og sa at om ho ikkje fortalde kven ho var, ville eg legge på. Men ho heldt på sitt, og eg la faktisk på i øyret på henne. Ho ringde opp att med ein gong og presiserte at ho faktisk var Anita Skorgan, og omsider gjekk det opp for meg at dette ikkje var berre tull. Det skjedde mykje på eit par månader då.

I alle fall vart det slik at Toril Moe framførte songen «You Used To Be Mine» med tekst av Freddy Dahl og melodi av Anita Skorgan. Dette var for øvrig siste året norsk MGP vart gjennomført med fullt orkester bak artistane. Toril gjekk ikkje heilt til topps. Van Eijk vann med låten «Living My Life Without You» og framførte denne i Jerusalem i den internasjonale finalen.

– Det er uansett heilt surrealistisk å tenkje tilbake på etterjulsvinteren og våren 1999. Anita vart nominert til Spellemannspris, og eg vart invitert til å sitje i salen under utdelinga – ved same bord som Anita og Freddy Dahl og Jonas Fjeld og kona hans.

Elles budde ho heime hos Anita og Freddy Dahl fram til NRK skaffa hotellrom og delte på mange måtar livet deira ei vekes tid – også som bleieskiftarbeidar for tvillingane.

– He he! Freddy Dahl var faktisk med meg og handla undertøy til antrekket eg hadde på meg under Grand Prix-finalen.

Draumen om å synge har Toril alltid hatt, og draumen om å få synge framom Anita Skorgan dukke opp etter at ho fekk «Cheek to Cheek» på kassett til jul då ho var 10 år gammal.

– Eg trudde vel aldri den draumen skulle gå i oppfylling.

Gjennom året 1998 jobba ho også med å fylle opp ein annan draum, nemleg å bli frisør.

I den tida då ho gjekk frisørskulen, budde ho i Oslo og var i staben til Trond & Trond (Lien og Myhre) og fekk ein god del songoppdrag gjennom denne tilslutninga.

– Eg fekk då litt inntekt av songen dette året, noko som kom godt med for ein student.

– Og det er vel kjent for dei fleste at du har halde fram med å synge også i ettertid?

– Ja, eg har vore med på mykje forskjellig opp gjennom åra. Eg hadde blant anna god nytte av å vere med i oppsettinga Lady Arbuthnott i fem år, og har lært mykje om å bli tryggare på scena gjennom å måtte spele ein rolle i tillegg til å synge. I 2009 gav eg elles ut ein cd med songar eg sjølv er glad i. CD-en vart utgjeven på Øra Studio, men vart for det meste sunge inn i Brustøggu – fritidsbustaden til Jo Ranheim i Rindal. Det var ein interessant prosess.

– Og songar du er glad i er vel stikkord også for kabareten på hotellet kommande helg?

– Ja, eg har jo samla meg opp ein god katalog med songar brukt i ymse samanhengar – også i bryllaup og gravferder. Så har eg plukka ut eit repertoar derifrå som eg trivst med. Påska står for døra og mange har jo starta påskehelga på den tida, så vi håper at Restaurant Horisonten fyllest opp både fredag og laurdag for hyggelege kveldar med god musikk og god mat.