Inn på tunet Møre og Romsdal er eit organisatorisk nettverk som skal vareta interessene til tilbydarane innan merkevara Inn på tunet i Møre og Romsdal. Organisasjonen skal ta opp faglege, sosiale og organisatoriske spørsmål med felles interesse.

For å bruke Inn på tunet–omgrepet, så må ein vere revidert og godkjent gjennom kvalitetssystemet i landbruket, som Matmerk administrerer. Definisjonen på Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel, og aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der.

– Vi har i underkant av 30 medlemmer, spreidd over hele Møre og Romsdal fylke, seier Solveig Haglund, som vart attvalt som leiar under årsmøtet på Thon Hotel Vårsøg.

Dei ulike medlemsbedriftene gir ulike tenester på ulike tenesteområde. Enkelte medlemsbedrifter er enda i ein utviklingsfase, utan tenester på garden per i dag.

Viktig næring

Med støtte frå Fylkesmannen si landbruksavdeling gjennomfører organisasjonen for tida ein verdiskapingsanalyse av næringa si. Denne analysen tyder på at verdiskapinga samla sett er over 10 millionar kroner i fylket vårt.

– Det er inga stor næring, men det er ei viktig næring som gir tenester som blir høgt verdsett både av deltakarar, kjøparar og pårørande. Det er meiningsfylt arbeid, som også i fleire tilfelle er utslagsgivande for at garden har ei aktiv drift elles, fortel Haglund.

Fleire av medlemsbedriftene driv anna attåtnæring på garden, til dømes lokalmat eller turisme.

Allsidig drift

Alle dei tre Inn på tunet-tilbydarane Solem Gård, Oppistua Øye og Bele, Jostua vart besøkt denne helga. På Solem Gård tok Ann Elisabeth Holten Solem i mot alle, og gav ei orientering om den samla produksjonen på bruket. Her driv dei både med kornproduksjon, laks/jaktturisme med overnatting, Inn på tunet–tenester, skogsdrift og Solem Sag. Ei imponerande og allsidig drift, som har skapt – og framleis skaper mykje verdiar, liv i bygda og kulturhistorie, basert på gardens ressursar.

Vegen gjekk deretter vidare til Oppistua Øye, der Solveig Haglund sjøl fortalde kort om dei ulike Inn på tunet tenestene som ho gjev. Ho viste og fram eit nytt næringsbygg som snart er ferdigstilt; eit glashus der ho kan ta i mot større grupper som kjem på besøk til garden for å få omvising og servering (turisme). Det er lokalt produserte økologiske grønsaker med meir ho ønsker å tilby dei reisande. Glashuset er meint å gi ein oppleving av «Natur under tak». Innovasjon Norge har gjeve stønad til denne investeringa.

Nytt næringsbygg

Den tredje garden som fekk besøk var Bele, Jostua, der Helga Bele tok i mot gjestane med rykande varm fiskesuppe i det nye næringsbygget som ho tok i bruk i november 2017, også dette ei investering som Innovasjon Norge har gjeve stønad til. Dette er ei lita «mas’tu», eit lite og triveleg hus som er base for dei ulike Inn på tunet tenestene ho gjev på garden.

Helga produserer «grass-fôra» storfekjøtt, med vekt på gamle kurasar. Ho har elles både hest og sau, og garden har i lag med nabogarden bygd kraftverk.

Både Haglund og dei andre set pris på at stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) tok seg tid til å vere med på desse gardsbesøka.

– Det er kjøle positivt at Jenny Klinge ville bli med rundt for å sjå og høyre om ulike Inn på tunet–tilbod, lære meir om næringa og høyre litt om utfordringar som slike små bedrifter som våre kan ha i kvardagen, seier Haglund. – Eit slik engasjement er verkeleg med og sikrar eit godt lokaldemokrati, og gir trua på at det er gode moglegheiter til å nå inn til maktapparatet dersom det er utfordringar i kvardagen som må løysast gjennom slike kanalar, legg ho til.

I Surnadal blir det gjeve Inn på tunet–tenester både innan demensomsorg, avlasting barnevern, garden som pedagogisk ressurs, arbeid og språkopplæring for flyktningar, og tilbod til og psykisk og fysisk funksjonshemming. I tillegg til desse gir andre medlemsbedrifter i laget tenester innan arbeidstrening, rusrelatert omsorg, terapiriding og tenester til psykisk helse.

Elles ber Inn på tunet Møre og Romsdal folk om ta kontakt dersom det er nokon som har spørsmål, eller som ønsker å høyre meir om denne næringa. Dei har også ei nettside; www.innpatunetmr.no.