Fredag fekk konfirmantar og foreldre i Surnadal ein inspirerande peptalk med ungt besøk frå Kirkens Nødhjelp. Adam frå Tanzania og Per frå Hattfjelldal viste film og konkretiserte både behovet for nødhjelp og litt av det flotte resultatet som Kirkens Nødhjelp kan vise til i deler av verda der hjelpa trengst mest.

Tørke – og flaum

Med motto som «Ja, vi elsker dette vannet» fokuserer årets aksjon på behovet for reint vatn. Store deler av Aust-Afrika er tørkeramma – med 11 millionar menneske i akutt naud. Samtidig skjer det ironiske at enda fleire opplever katastrofeflaum i det sørlege Asia.

Ein gripande kortfilm viste livssituasjonen til flyktningeguten Jean frå Kongo. Han og millionar andre manglar ting som for oss er sjølsagte gode – hus, drikkevatn, tilgang til trygge toalett - og høve til å vaske hendene!

Per Angell og han afrikanske kamerat kunne også dokumentere betydelege resultat som KN har oppnådd – også politisk, som betre miljøsatsing i Oljefondet, meir rettferdig skattepraksis i fattige land og betre kontroll med norsk våpeneksport.

Dør-til-dør

Ein munter video viste gode og mindre vellykka framgangsmåtar når konfirmanten bankar på døra hos publikum. Kvelden vart avslutta med organisering av dei mange rodene der konfirmantar og andre frivillige tysdag kveld sørger for at alle heimar i kommunen får høve til å støtte eit veldedig formål i toppklasse.

Dei fleste vil nok ha kontantane klare når det ringer på og identitetskort og forsegla bøsse blir presentert ved døra!