Halsa, Helland i Vestnes, Volda og Ytre Herøy var dei fire laga som hadde kvalifisert seg til fylkesfinalen, og som onsdag kjempa om to plassar i landsfinalen, ifølge nrk.no.

Klassequizen er ein spørjekonkurranse som NRK arrangerer for tiandeklassingar, og det er i år sjette gong NRK arrangerer Klassequizen. I løpet av vinteren har elevar frå førti skular i Møre og Romsdal kjempa på radioen om å bli fylkets smartaste tiandeklassingar.

Onsdag ettermiddag vart fylkesfinalen i Ålesund sendt på NRK Møre og Romsdal på NRK P1 og på nrk.no/mr. Og Halsa, med Anders Åsgård, Ragnhild Otnes og Jøri Vatten på laget, gjekk altså heilt til topps, saman med Ytre herøy - begge laga med åtte poeng. Dei er dermed videre til den nasjonale finalen i Oslo.

Premien for seieren i fylkesfinalen er ein sjekk på 5000 kroner til kvar av dei to klassane.

Alle klassene var inviterte som publikum onsdag, og dei to skuleklassane som vann får no tur til Oslo, der laga deira blir Møre og Romsdal sine representantar i landsfinalen.

Også i 2014 vann Halsa fylkesfinalen - og gjekk deretter heilt til topps i den nasjonale finalen. Kanskje kan elevane frå Halsa igjen vise landet at dei aller skarpaste tiandeklassingane i Norge kjem herifrå?

Finalen, som i fjor hadde over 800.000 sjåarar, blir sendt på NRK1 over fem laurdagar i april og mai, og blir leia av Selda Ekiz.

I tillegg til å motta trofeet til Klassequizen, får vinnaren av landsfinalen også besøk på skulen av MP3 og Martin Holmen, som kjem saman med fleire frå NRK for å sende live på MP3 frå vinnarklassen sin skule.