– Den finaste plassen på jord, seier Karin Åsbø og smiler så breitt at det ikkje er tvil om at ho meiner det.

Ho snakkar om heimplassen sin, Nordvikstranda, der ho vaks opp og flytta heim til etter at ho vart vaksen. I dag er ho og ektemannen Nils Håvar godt etablert i bygda saman med dottera Ingeborg (5) og Jon Ola (2). Om ikkje alt for lenge får dei ein liten bror eller søster.

Karin driv butikken Tilbords i Amfisentret på Sunndalsøra. Det har ho gjort sidan 2012.

Det var eigentleg litt tilfeldig at det vart Tilbords og Sunndalsøra. Ho jobba litt i butikk medan ho studerte i Trondheim, og har alltid hatt lyst til å vende tilbake til butikklivet.

– Eg jobba eit par år som salssjef på hotellet i Surnadal før mulegheita med Tilbords dukka opp. Her driv eg mitt eige selskap som er knytt til butikkjeda Tilbords. Tidlegare i år fekk kjeda vanskar og vart slått konkurs. Det har ingen direkte verknad på mulegheita for å drive vidare for oss som er sjølvstendige. Da nyheita om konkursen kom, var det mange kundar som vart urolege. Heldigvis har eg kunne forsikre alle at vi skal drive vidare. Eg har hatt vekst i omsetnaden kvart år sidan vi starta opp.

Som foreldre til to, snart tre, er det travle kvardagar for Karin og Nils Håvar.

– Ja, det er rimeleg travelt, men vi får det no til å fungere på eit vis, smiler ho.

Familien har teke over småbruket på Nordvikstranda der foreldra til Karin dreiv med sauehald. I dag er det berre katten som ruslar rundt på fire føter.

– Du og ektemannen er opptekne av å ta vare på bygningane på garden?

– Ja, det er vi verkeleg. Det er mykje god historie i gamle bygningar. Om vi ikkje hadde nok frå før, så fekk vi frakta ei gammal svalgangsstove frå Dovre heim til oss i fjor. Den vart plukka ned og lafta opp igjen heime på garden. Der held vi for tida på med å innreie eit bakeri i samarbeid med Svinvik gard. Vi har mura bakaromn der vi i hovudsak ser for oss å steike gjærbakst, men omnen er også ypparleg som pizzaomn.

– Omnen skal prøvast no i påska!

Karin Åsbø likar seg best når det skjer noko rundt ho. Som nestleiar i Nordvik grendelag er ho med på aktivitetar som held liv i bygda. Ho er optimist. Det har flytta fleire familiar til bygda dei seinare åra. Det bidreg til auka elevtal på skulen. Karin er sikker på at fleire kjem når bustadfeltet står klart.

– Det er eit godt samhald i bygda. Nordvikstranda er ein flott stad å bu!

– Er det på tide at Todalsfjordprosjektet snart blir realisert?

– Så absolutt. Det vil gje positive ringverknader og vil vere bra for bygda vår.

I ungdomen var Karin ivrig innan bygdeungdomslaget. Det var i den organisasjonen ho fann Nils Håvar som ho seinare gifta seg med.

– Vi møttest på ei BU-samling i Akershus. Vi er begge opptekne av BU, i dag som støttemedlemar. Eg trur det knapt finst ein betre skule enn BU når det gjeld å sjå kor viktig det er med levande bygder.

Engasjementet for bygda og kommunen var medverkande da Karin sa ja til å gå inn i styret for laget Vårsøg for seks år sidan. Ho meiner Vårsøghelga er svært viktig for Surnadal.

– Det er eigentleg unikt at vi i Surnadal kan by på slike aktivitetar ei helg i året. Denne veka presenterte vi årets program. Her er det mykje å gle seg til. Kleivakvelden er det arrangementet som trekker flest folk, men det er også mykje anna bra på programmet. Fredagens arrangementet i Billaget på Surnadalsøra er populært. Det er berre å gle seg til gjenhøyr med «Famntak» og dei mange innslaga frå kulturskulen i Surnadal som i år markerer 20-årsjubileum. Eg synest det er skikkeleg «gøytt» at vi kan by på så mykje kultur av høg kvalitet under Vårsøghelga.

– Kva skal familien Åsbø/Øyås bruke påskedagane til?

– Vi blir stasjonert heime, men blir nok med på det årlege seterrennet på Nordviksetra i påska. Eg likar meg også godt ved sjøen når ein no kjenner ein smak av vår.