Koret Prosjekt 17 og prest Kristin Strand står i spissen for eit program med stor spennvidde.

Musikk av Mozart, Fauré, Elgar og Vivaldi for dagane i høgtida blir framført av Ellen Rensvik og Synnøve Hammervold på fiolin, songsolist Torunn Kroknes, P17-damene og organist Bernt Bøe.

Liturgigruppa med Torgrim Tunes og Kristin Strand i spissen formidlar delvis dramtiserte påsketekstar. Enkle symbolhandlingar utdjupar stoffet. Som bonus i årets messe er innlagt poesi av samtidsdiktaren Arnold Eidslott.

I Kyrkjestua etter messa spanderer koret kveldsmat på alle frammøtte.

Kombinasjonen av messe og konsert er ein godt besøkt  tradisjon i Åsskard. Etter endt skitur eller innedag vil mange oppleve essensen av høgtida på ein kveldstime med rike tekster og god musikk i eit vakkert kyrkjerom.

Påska – kulturhøgtid

Som den sentrale høgtida i kyrkjeåret kan påska oppvise ein like rik kulturskatt som jula. Bibeltekstene spenner frå mørke til lys, og salmene har følgeleg større uttrykksvariasjon enn julesongane våre.

Også mykje kyrkjekunst har henta inspirasjon frå dei dramatiske hendingane mellom palmesøndag og påskedag. Altartavlene fortel gjerne påskehistorie med fargerike penselstrøk.

Tekst og drama

Like gjerne som vanleg preike kan utlegginga av påsketekstene skje som stilisert drama med rollefordeling mellom fleire aktørar. Den klassiske samansettinga av «Jesu Kristi Sju Ord på Korset» skjer på den måten, like eins dramatikken ved bordet skjærtorsdag og oppdaginga av Jesu tomme grav påskemorgon.  Og aldri har vel eit Preludium av Chopin - sett opp mot Halsa-tonen «Som den gylne sol», no som feleslått! - vore bruka som scenemusikk ei påskenatt!

Enkle symbolhandlingar med rekvisittar, drakter og lys forsterkar innhaldet.

Tonekunst

Komponistar har til alle tider tolka pasjon og påskejubel – i enkle salmetonar og store verk. Under messa i Åsskard kling Mozart  i arrangerte utdrag: «Agnus Dei» (Du Guds Lam) frå Kroningmessa og «Alleluja» frå motetten «Exsultate, jubilate».

Ein hører også den vakre «Pie Jesu» frå Requiem av Gabriel Fauré og Edward Elgars «Ave verum»; denne i nydeleg gjendikting av Ragnhild Foss (Heil deg, Herrens sanne lekam). Av Antonio Vivaldi – som også var prest – syng Torunn Kroknes alt-arien «O, milde Jesus» frå Gloria. Ut av eldgamle franske notebøker har koret henta den spenstige påskemotetten «Gled deg, mitt hjarte».

Tradisjon og tilrettelegging

Lokalt er det ofte nødvendig med ei viss tilrettelegging for å bruke klassiske verk. Det er gjort med mykje av programmet i denne påskesongmessa. Med dei begrensningane som dette inneber, får folk i bygda møte kulturstoff som elles berre er «byfolk» til del.

God oppslutning om påskesongmessa i Åsskard fortel at folk har sans for det klassiske - når den blir servert «kortreist». Somme har gjort opplevinga av påskehøgtida på denne måten til ein tradisjon.