Slutt på trykte rutehefte frå 1. mai

Fylkeskommunen går over til digital ruteinformasjon.

Ikkje trykt rutehefte: - Vi minner om at frå og med 1. mai i år vil vi ikkje lenger produsere trykte rutehefte for kollektivtilbodet, seier samferdselsjef Arild Fuglseth.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyheter

Det var tidlegare i vinter at samferdselsutvalet vedtok å avvikle dei trykte rutehefta.  – Valet med å avvikle trykte rutehefte, og berre gå over til digital ruteinformasjon, vart tatt etter at vi samla kollektivtilbodet i heile fylket. Vi såg behovet for å gjere det enklare for publikum å få tak i rett ruteinformasjon, seier Fuglseth.  Han legg til at det kontinuerleg blir arbeidt med å betre og oppdatere informasjonen om rutene og avgangane i fylket.

Alltid oppdatert ruteinformasjon på nett og i app

Det er fleire moglegheiter for å få informasjon om rutetider og avgangar for FRAM:

•Reiseplanleggaren på frammr.no Her kan du søke deg fram til kollektivtilbodet. Planleggaren har rutene og avgangane. Du kan sjå kva billetten kostar og få informasjon om ruta er forseinka.

•I FRAM-appen kan du i tillegg kjøpe både periode- og enkeltbillett og ha han med deg på mobiltelefonen.

•MR Ferjerute er ein app som viser avgangane til ferjene og hurtigbåtane.

•FRAM Kundesenter når du på telefon 71 28 01 00. Her kan du få ruteinformasjon for all kollektivtransport i fylket.


Du kan skrive ut rutene eller få hjelp til det

Alle rutetabellane vil fortsatt vere tilgjengelege på nettsida til FRAM i pdf-format. Desse er oppdaterte og enkle å skrive ut på papir for dei som vil det. Har du ikkje moglegheita til å skrive ut på eiga hand, kan du kontakte FRAM Kundesenter for å få utskriftene av ruta sendt til deg.

Du kan møte opp på trafikkterminalen i Kristiansund, trafikkterminalen i Molde eller trafikkterminalen på Moa for å få hjelp til å skrive ut rutene. Servicetorget i kommunen din vil også kunne hjelpe deg med å skrive ut rutetidene.

Digitale ruter over heile landet

Endringa med å gå vekk frå å trykke rutehefta skjer fleire stader i landet. Andre fylke har allereie avvikla eller planlegg å avvikle papirversjonen av rutehefta, mellom anna fordi at oppdatering av ruteinformasjonen skjer heile året.

–Det er enklare å få ut oppdatert informasjon med digitale løysingar enn på papir, avsluttar Fuglseth.