Laget hadde ein aktiv sesong 2017. Dei 14 søndagsprogramma på Bøfjorden Sjøbruksmuseum var i gjennomsnitt besøkt av 55. Laget var hovudarrangør av Bøfjordhelga 2017. Museet hadde elles skuleopplegg for ulike klassetrinn, og bygdeprisen gjekk til Paul Bøe og Oddmund Gravvold.

Tur, namnesak og årbok

Historieturen i august gjekk med full buss til Kystmuseet i Bud. I ei heit namnesak fekk laget medhald av Kartverket: Fjellet ytst i bygda heiter Blåfjellet. Før jul kom årboka «Gamle Nordmør» for femte gong.

Sommarprogrammet klart

På møtet laurdag blir noko av årsmeldinga formidla med tilbakeblikk via biletskjermen. Attåt vanlege årsmøtesaker elles vil styret legge fram ferdig plan for museumssesongen 2018.

Utover sommarsøndagane blir det sundbåtbesøk, bunadskunst, presentasjon av nye bøker, gardshistorie (Settemsdalen og Stakkneset), foredrag av Nils Aukan med film frå havets djup, badstuhistorikk ved Einar Oterholm, lokal ordkunst og mykje anna.

Bø Grendalag byr på servering under årsmøtet.