Norsk Journalistlag Møre og Romsdal delte ut «Presseprisen for 2017» i kategoriane «Beste nyheitssak», «Beste featuresak» og «Beste foto», under vårsamlinga i Ulsteinvik fredag 20. april.

Rundt 30 journalistar er samla til vårsamling for Norsk Journalistlag Møre og Romsdal, på Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik.

Vart nyheitsvinnaren - igjen

I kategorien «Beste nyheitssak» var det Sofie Svanes Flem og Torbjørn Eidhammer i Sunnmørsposten som fekk prisen, for sakene dei produserte kring Bingsa-skandalen. Svanes Flem og Eidhammer vann også prisen for beste nyheitssak i 2017 for saka «Millionene du ikke fikk vite om», då saman med kollega Liv Jorunn Håker Ottesen.

Utdrag frå juryen si grunngjeving: Sjølv om ikkje journalistane har avdekt sjølve saka, har dei gripe fatt i eit større sakskompleks, og gått særs djupt og grundig til verks, med god dokumentasjon heile vegen. Særleg har vi merka oss bruk av offentlegheitslova. Det er imponerande korleis journalistane har klora seg fast i saka, og ikkje utan vidare har godteke avslag på innsyn. I tillegg har journalistane stått ovanfor krevjande etiske val undervegs. Dei har møtt klare utfordringar med å balansere private omsyn mot samfunnsinteresser (dilemmaet: pressa som avslører/pressa som overgripar). Dei konkrete konsekvensane som saka har ført til, talar for seg sjølv: Ein kommunal einingsleiar i Ålesund har gått av, regelverk i Ålesund kommune har blitt endra, felling i KOFA, klagenemnd for offentlige anskaffelser, med meir.

Juryen er imponert over den grundige jobben journalistane har gjort.

Heiderleg omtale til Romsdals Budstikke

Marit Heiene og Anita Vingen i Romsdals Budstikke fekk heiderleg omtale for «Klima-serien», ei sak der journalistane ifølgje juryen nyttar ein litt annleis gravande journalistikk og langsiktig prosjekt enn det ein kanskje er vant med, og ein type stoff som får mindre merksemd enn dei klassiske avsløringane.

I juryen si grunngjeving står det: Klimaproblematikk er eit krevjande tema å dekkje journalistisk, noko journalistane sjølve har erfart og nemner, fordi det er sovidt abstrakt, med store avstandar mellom årsak og verknad, og ofte med lite synlege følgjer for einskildmenneske på kort sikt. Journalistane dekkjer og dokumenterer breitt kva som vert gjort lokalt, frå kvaliteten på kommunale klimaplanar, til kommunale avløpssystem og lokale brear. Arbeidet viser oppfinnsame og kløktige vriar, og dei meistrar å forankre overordna problemstillingar i eit lokalsamfunn. Det er godt gjort!

Budstikka fekk også featureprisen

Romsdals Budstikke si sak «Den indre kampen» om psykisk helse blant fotballspelarar, forfatta av Pernille Huseby og Bjørn Brunvoll, gjekk av med sigeren i kategorien «Beste Featuresak».

Juryen si grunngjeving var som følgjer: I denne saka er det utført eit stort og grundig kjeldearbeid, med intervjuobjekt som viser nye sider av seg sjølve. Trass i at denne feature-reportasjen bevegar seg på grensa mot ei lengre samling med intervju, set saka på glitrande vis lys på aktuelle, og til ei viss grad lite belyste problemstillingar i samfunnet, løfta fram gjennom idrettsutøvarar. Dette er heltar som vi gjerne ser opp til – i alle høve når dei bringer favorittlaget vårt fram som vinnarar. Saka er i tillegg rikt illustrert med gode fotografi, som gjer at vi som lesarar kjem endå nærare desse heltane og deira indre liv, deira psykiske helse. Presentasjonen er tiltalande, innhaldet er rørande, og både kvalitet og substans gjer inntrykk.

Møre-Nytt-journalist tok det beste knipset

Fotoprisen gjekk i år til journalist Joachim Åsebø i Møre-Nytt, for hans sterke fotografi «Motbakkespesialisten». Juryen meiner at dette fotografiet har ei sterk visuell kraft, og at det trekkjer ein rett inn i den luftige opplevinga av å skode ut over fjell og fjord frå bratt høgde.

Resten av grunngjevinga: Vi kunne ynskje at vi fekk sjå litt meir av andletet til utøvaren, men på den andre sida står fotografiet fram som direkte og spontant – verken arrangert eller iscenesatt. I så måte lever det opp til det klassiske synet på gode reportasjefotografi. Både husa ved sjøen og hurtigruteskipet er med på å skape djupn, og skipet styrkar også komposisjonen og forsterkar den visuelle krafta. Dette er eit bilete som appellerer langt utanfor kjernemålgruppa, sportsinteresserte, fordi det òg kan kommunisere fritid og gleda ved søndagsturar.

- Media er på hogget!

Juryen har denne gongen vore sett saman slik:

- Anne Gry Eilertsen, tidlegare journalist og redaktør for Vikebladet Vestposten og forfattar.

- Magnar Fjørtoft, faglærar medier og kommunikasjon Molde videregående skole,

tidlegare journalist og fotograf, men også forfattar.

- Bjarne Riiser Gundersen, høgskulelektor i journalistikk ved Høgskulen i Volda og forfattar.

Juryformann Magnar Fjørtoft fortel at juryen var imponert over kvaliteten på dei innleverte arbeida, og den store arbeidsinnsatsen som ligg bak mange av sakene.

- Media syner seg samfunnsansvarlege, og dei er på hogget! Kan lokal og regional journalistikk halde eit slikt nivå, både i seriøsitet, aktualitet, språkføring, bruk av foto, og i presentasjon, vil det òg i framtida verte hardt for juryen å plukke ut ein klar vinnar! seier Fjørtoft.

Juryen har kort sagt, etter djuplesing og analyser av både tekster og fotografi, fått fornya tru på at media i Møre og Romsdal kan vere både grundige, hardtslåande – og underhaldande.