Det var sommaren for tre år sidan dei første syklane vart utplasserte i Eresfjord. Det var Marit som fekk ideen etter at ho på ein ferietur køyrde gjennom tettstaden Odda i Hordaland.

– Ved ei bru var det sett ut blomster og ein sykkel. Da vart det klart for meg at det var dette vi måtte gjere i Eresfjord også. Vi har arrangert sykkeltrim på Kristi Himmelfartsdag i over 40 år og likar å kalle oss den store sykkelbygda. I tillegg til den årlege sykkeltrimmen har vi Kurt Asle Arvesen som vart juniorverdensmester i 1997 og har vore i verdstoppen seinare. Vegard Øverås Lied og Bjørn Tore Hoem er andre store sykkelnamn i Eresfjord.

Starta i det små

Da bygdelaget gav grønt lys var det berre å komme i gang med prosjektet.

– Vi starta i det små men det vaks raskt på seg. Ove Frisvoll tok på seg å lakkere syklane som vart heilt strippa før dei vart sprøytelakkerte.–

Kor kjem syklane frå?

– Vi kontakta Romsdal Interkommunale renovasjonsselskap (RIR) med spørsmål om vi kunne få syklar frå dei. Da vi lova å strippa dei både for kjede og dekk- og i tillegg sprøytelakkere syklane slik at det vart umuleg å sjå kor dei kom frå, sa RIR ja. Vi har henta fleire hengarlass med syklar derifrå. Vi har også fått syklar frå folk som synest dette er eit artig prosjekt. I vinterhalvåret blir syklane teke inn og lagra i påvente av våren.

Målet var 100 syklar

Marit Rasten Leirvoll og Turid Øverås seier dei sette seg som mål at det skal utplasserast minst 100 syklar på ulike stader i bygda. I å ventar 106 syklar på å få pynte opp langs vegkantane.

– Det er eit heilt arbeid å få plassert ut syklane, så vi håper på stor oppslutnad blant bygdefolket når den jobben skal gjerast.

Viktig marknadsføring

De to meiner sykkelprosjektet er viktig i marknadsføringa av bygda. Tilbakemeldingane frå folk er gode.

– Snart er Eresfjord ei bygd i utkanten av nye Molde kommune. Vi treng å bli sett. Det er viktig at folk stoppar her. Vi har hatt cruiseskip på besøk. Turistane legg merke til dei mange syklane når dei blir teke med på tur i bygda. Det er mange flotte bygder i landet vårt, men det er ikkje så mange du hugsar etter ferieturen. Eg har snakka med mange som har køyrd gjennom utallige vakre bygder i Norge med flotte fjell og fine fjordar. Problemet er at dei slit med å hugse dei ulike bygdene. Alle som køyrer gjennom Eresfjord legg merke til og hugsar dei mange syklane som er utplasserte langs vegkanten. Vi har fått mange kommentarar på dette, seier Øverås og Leirvoll.

Ikkje tilfeldig

Syklane blir ikkje tilfeldig utplasserte. Både sykkeltypar og fargar skal fordelast.

I fjor hadde nokon stole med seg ein raud damesykkel som sto plassert i ein sving på vegen opp mot Vistdalsheia. Det var etter kvart kjent at sykkelen sto plassert på ein holme i Nordfjord. Turid og ektemannen Bjørn Magne sette seg i bilen og hent sykkelen heim til Eresfjord igjen.

–Tjuven gjorde seg til kjenne og beklaga det heile. Vi har stort sett vore heldige og har unngått hærverk, men har ikkje heilt unngått det. Det er ikkje å stikke under ein stol at det finst folk som meiner at det å plassere ut signalfarga syklar rundt om i bygda er noko stort tull, men det lever vi med. Hovudinntrykket er at både fastbuande og turistar synest dette er eit artig påfunn.