Heile kommunestyret var i utgangspunktet invitert. Vi i Høgre takka ja til invitasjonen, seier nessetordførar Rolf Jonas Hurlen.

Delegasjon

Han opplyser at høgregruppa med 5 politikarar var med på turen, samt representantar frå næringslivet. Nessetdelegasjonen ønska å få meir kunnskap om gjenvinning og «Halosep»-teknologien som kan vere aktuell lokalt, om Bergmesteren får etablere deponi for farleg avfall på Raudsand. I samarbeid med Stena omfatta programmet for turen besøk på anlegg i København og Gøteborg.

– Prioritering

– Vi ønska at flest muleg skulle vere med, og sende også påminning til dei andre gruppeleiarane i kommunestyret. Dei fann at det ikkje passa, eller at dei ikkje ville prioritere det – det kan også ha med økonomi å gjere, seier Hurlen.

– Kven betalte for turen?

– Vi måtte dekke turen sjølve, og betalte reise og opphald, seier Hurlen, utan å ville spesifisere beløp som vart brukt.

– Kan det vere prinsipielt uheldig med «synfaring» som ikkje alle har høve til å delta på?

– Nokon vil kanskje sjå det slik, men eg tenker at det er bra at nokon prioriterer å innhente meir kunnskap i ei så stor sak. Så lenge det har vore openheit om turen, og andre også hadde tilbod om å vere med, ser eg ingen problem med dette.

Sirkulærøkonomi

– Kva «ny» kunnskap fekk de ved å besøke anlegga?

– At Sverige og Danmark er lenger framme enn oss med tanke på å utnytte avfall som ressurs til å skape nye verdiar. I Norge står framfor eit skifte frå «bruk-og-kast-økonomi», til sirkulær økonomi der avfall er sett på som verdiar som kan gjenvinnast. Vi fekk også stadfesta inntrykket av at Stena er størst i Norden og mellom dei fremste i Europa både på forsking og drifting av avfall- og gjenvinningsanlegg.

Presenterer

– Kva vil de bruke dette til vidare?

– Vi tenker å lage ein presentasjon, tilgjengeleg for dei som måtte vere interesserte. Og så er det naturleg at vi bruker kunnskapen vår i den politiske debatten når reguleringsplanen kjem til sluttbehanding til hausten, seier Hurlen.

Takka nei, frykta for «smøretur»-inntrykk

Ein slik tur kan lett bli oppfatta feil, seier Ap-leiar Melheim Strand. Ho takka nei til invitasjonen.

NESSET: Toril Melheim Strand, gruppeleiar for Nesset Arbeiderparti, opplyser at det ikkje var aktuelt for nokon i hennar guppe å vere med på turen som Bergmesteren og Stena inviterte til.

– For min del var det ikkje rett å bli med på turen. Det ville kunne bli oppfatta feil blant mange. Det ville også kunne sjå ut som ein «smøretur», seier Melheim Strand.

Ho poengterer at ho sjølv stoler på at dei som reiste, betalte sjølv slik dei opplyser.

– Men dette er ei konfliktsak, der det er lett for at andre tenker at dette på ein eller annan måte er smøring, seier Melheim Strand.

– Men å sjå anlegga kunne gjerne vore nyttig?

– Eg reknar med at det som står i sakspapira, er tilstrekkeleg til å ta avgjerd ut frå. Vi veit mykje frå før, og må stole på det som står i papira. Vi må dessutan sjå det ut frå situasjonen her, seier Melheim Strand.

– Er det etter problematisk at ein del av kommunestyret no har ein annan bakgrunn enn resten i denne saka?

– At dei reiste, er greitt nok for min del. Det vil alltid vere sik at nokon veit meir enn andre, til dømes kjenner formannskapsmedlemmer oftast sakene betre enn resten av kommunestyret, seier Melheim Strand.

Sakene ble først publisert i Romsdals Budstikke.