Møremusikarane har fått ein særskilt plass under Bjørnsonfestivalen i år. Dei skal være tonefølgje til mange av Bjørnsonfestivalens arrangement, i tillegg til å ha eigne konsertar.

–Slik vil publikum få høyre flott musikk fletta inn fleire av dei litterære programma, seier Lene Torgersen Mordal i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Under Bjørnsonfestivalen vil Møremusikarane presentere Daniel Herskedal sitt bestillingsverk "Gjenklang frå Veøya" både i Molde og i Nesset.

I tillegg skal Møremusikarane blant anna bidra musikalsk under folketalane på Plassen utescene og gruppa Fjord og Fjell skal ha eigen nattkonsert i Storyville torsdag kveld, skriv fylkeskommunen på si heimeside.