Over 200 store og små tok turen for å sjå på nyfjøset, dyra og livet på garden.

Ola Kvendset og kårfolket Wenche og Gudmund vart vertskap for arrangementet, og det var stor interesse for å sjå det nye lausdriftsfjøset både blant kollegaer frå nabobygdene og blant folk flest. Ola har dei siste åra investert fleire millionar for å få eit nytt og rasjonelt lausdriftsfjøs for mjølkeproduksjon som har plass til eit 50-tals mjølkekyr.

Stor var også interessa frå dei minste som kom for å sjå dei mange dyra, og kanskje få høve til å gjera seg litt kjent og kose litt med dei. Trøtraktorane på tunet fanga også stor interesse, og det var liv og røre og stor aktivitet heile dagen. Blant aktivitetane ute var det natursti, med spørsmål om det som går føre seg på garden og i gardstunet. Dette fenga stor interesse og skapte mang ein diskusjon.

Den eldre garde hadde også stor interesse av nyfjøset, men dei nytta også høvet til å kjøpe seg rømmegraut eller ein kaffedråpe med tilhøyrande bakels og smørgraut. Det store partyteltet midt i gardstunet vart etter kvart eit sosialt treffpunkt der praten gikk lett, og der kunne du treffe folk du ikkje hadde treft på ei stund – det såg ut som alle kosa seg i finvêret.

Ledar i Todalen Bondelag, Ståle Ansnes, var godt nøgd med besøket. Han sa at dette er ein viktig dag både for bondelaget og for publikum – for vi kan læra av kvarande, og vi får vist fram korleis maten blir produsert og kor omfattande arbeid dette eigentleg er. Det er i dag mange som ikkje har noko forhold til dyr og produksjon av mat, og er berre vant til å finne ferdigpakka porsjonspakkar i butikkhyllene eller i frysaren.

Sjå fleire bilder i karusellen over.