Surnadalinger betalar ikkje dei kommunale rekningane sine i tid. Per 19.08.14 er dette totalt kr 3.240.293, derav kr 2.379.569 som er over 90 dagar.

Økonomisjef Trond Håskjold krev derfor kommunen startar å krevje forsinkelsesrente på 9,5 prosent. Dette for å lære dei som ikkje betalar i tid at det svir.

- Ein effekt av å ikkje ha forseinkingsrenter i vår eigen kommunale innkrevjing, er at kundane lærer at det ikkje kostar så mykje å vente med å betale kommunale rekningar. Det fører til at vi til ein kvar tid har store uteståande beløp som er forfalle til betaling, seier Håskjold.

Håskjold argumenterar og med at dei uteståande pengane er store beløp somkommunen utfordringar i likviditetsstyringa.

- Det er viktig for oss at vi får inn pengane våre i rett tid, og det er viktig at våre krav ikkje blir nedprioritert i rekningsbunken, seier Håskjold.

- I tillegg vil det vere eit moment å behandle kundane vi driv eigeninkasso mot likt med dei som vi sender over til inkassobyrået, seier han.