Dr. Bekken, eller Tor Einar Bekken, tok nærast todalingane med storm da han heldt konsert og sesongavslutning på Todalshytta søndag kveld. Og publikum var rause med applausen da han briljerte på sitt el-piano med publikum på tunet framfor Todalshytta i halvannen time. Du verden for ei musikalsk oppleving for oss som fekk høre og sjå Dr. Bekken i aksjon.

Todalshytta avslutta sesongen søndag kveld, og hadde altså invitert jazzpianisten og kompisen Tor Einar Bekken til å halde konsert og markere avslutninga på ein travel sommarsesong. Tala for sesongen er ikkje klar enno, men vertskapet Eric Malling og Helene Ness er godt nøgd med både besøk på hytta generelt og er overraska over at det er så mange fotturistar som besøkjer hytta. Ein del av dette tilskriver vertskapet den fine sommaren, som har gjort at folk har vore i aktivitet.

Dette er første året for det nye vertskapet på Todalshytta. Dei fortel at læringskurven har vore bratt, og det har til tider vore lange dagar. Men det har vore artig og vi har treft mange nye venner og kontaktar både i Todalen og rundt omkring. Dette har gjort at vi har trivdes godt og gler oss til å kome attende til neste sesong, seier Eric som i sommar har vore kjøkkensjef. Han tykkjer no at han held på og får taket på både brødbaking og koking av potetball.

Responsen frå bygdefolket har vore bra, og vertskapet sett stor pris på at todalingane har stor sans for å bruke lokale tilbod. Men no reiser dei heim til Kongsvingertraktene for å evaluere årets sesong, og starte planlegginga av neste. Men aller først skal dei få litt kvile etter ein arbeidsam og travel sesong.

Frå måndag 1. september er det den sjølvbetente bua på Ishuset som er overnattingstilbodet for den som kjem til Todalshytta over fjellet.