SV-politikar Erling Outzen i Sunndal meiner planane om å rotenbehandle elva Driva må leggast vekk etter at lakseparasitten gyrodactylus salaris har dukka opp igjen i Rana-vassdraget fem år etter at elva vart friskmeldt. I eit lesarbrev Outzen har sendt Driva skriv han:

«Rotenon hjelper ikke» er ei overskrift i avisa Driva 5. september. Artikkelen fortel at lakseparasitten gyrodactylus salaris er tilbake i Rana-vassdraget fem år etter at det blei friskmeldt etter rotenonbehandling.

Eg har heile tida vore imot planane om rotenonforgifting av elva Driva, men fleirtalet i kommunestyret i Sunndal har støtta eller godtatt planane. Eg har vist til at parasitten kom tilbake i Rauma etter rotenonbehandlinga der, men da har det vore sagt at metodane har blitt så mykje sikrare og betre enn den gongen Rauma blei behandla. Den påstanden er kraftig svekka no, når det same har skjedd i den relativt nyleg behandla Ranaelva.

Eg er imot rotenonforgifting av Driva-vassdraget av både prinsipielle og praktiske grunnar. Det er prinsipielt tvilsamt å prøve å drepe ned alt liv i eit vassdrag for kanskje å redde ein bestemt art. Mengda av laks i Driva synest å variere nokså uavhengig av parasitten – det vekslar mellom ganske gode og heller dårlege år både i Driva og ikkje-infiserte elver. Men når det på toppen av alt dette viser seg at rotenon gong på gong ikkje hjelper, bør planane stansast.

Nei til rotenon i Driva.

Roar Sandodden i Veterinærinstituttet karakteriserer tilbakefallet i Rana-vassdraget som forferdelig i en artikkel i andalsnes-avis.