Som mange veit var Surnadal kommune ca 1. juni ferd med å sette i gang arbeidet med å leggje kunstgras på leikeplassen ved Stangvik kyrkje, med tilrettelegging for lysmaster, utan at saka hadde vore meldt til naboar eller til høyringsinstansane; lokale kyrkjestyresmakter, biskop og fylkeskonservator. Saka hadde da ikkje vore handsama i noko politisk organ i kommunen.

Biskopen og fylkeskonservatoren har gjeve sine uttalelsar. Begge avsluttar med at dei på det sterkaste må gå mot tiltaket grendalaget og kommunen planlegg. Eg har som prest i den norske kyrkja og i norsk kirke i utlandet, sjømannskirken, i 30 år lese mange vurderingar frå biskop, fylkeskonservator og riksantikvar- men berre ein gong før sett så sterke ord som her, «– må vi på det sterkaste frarå--» – og det var i brev frå fylkeskonservatoren til same adressat som no (9/12 1983).

Saka kom så til politisk handsaming i Hovedutval for teknikk, miljø og næring 2. oktober. Vurderingane frå biskop og fylkeskonservator låg med sakspapira. Av avisreferat går det fram at ingen tok høyringane frå biskop og fylkeskonservator opp til vurdering. Eg vonar berre at dei var lesne. Fylkeskonservatoren skriv at Stangvik kyrkje og området rundt er « ..tillagt regional og nasjonal verneverdi». Fylkeskonservatoren understrekar ved sidan av dei mange faglege vurderingane: «Området kor ballplassen er planlagt, er i dag regulert av Reguleringsplan Stangvik Prestegard som «Friområde øyremerkt park, turveg og leikeplass.» No skal det altså bli fotballbane, etter mitt syn også brot med reguleringsplana.

Mange har kontakta meg om denne saka, og det ikkje først og fremst for å trøysta meg eller tala kyrkja si sak, men for å uttrykkje stor undring over det som er planlagt. Dei forstår ikkje hensikten med å skifte ut naturgras med kunstgras, ein sjølfornyande, viktig naturresurs som har evne til å reinsa luft og klima, med eit kunststoff med over 60 farlege kjemikaliar i seg - på ein leikeplass!

Etter innspel frå andre, har eg den siste månaden lese mykje om kunstgras kontra naturgras på idrettsanlegg og leikeplassar.

Slik skriv Os senterparti, som vil stoppe anlegg av ny kunstgrasbane i kommunen og krev undersøkingar av kunstgrasanlegg som allereie er bygd:

Kunstgrasbanar og granulat som ligg i plasten «inneheld meir enn 60 ulike kjemiske stoff, deriblant PAH- bindingar, og det blir brukt svært store mengder slike gummigranulat på idrettsplassar og leikeplassar. PAH- bindingar står for Polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH), ofte kalla for tjærestoff. Dette stoffet blir brukt blant anna til mjuknar av bildekk. PAH- bindingar medfører negative helseeffektar, då dei er giftige og fleire av dei er kreftframkallende. Miljøverndepartementet har fastsett forbod mot bildekk med PAH- bindingar,--»

I ein forskingsrapport i Trondheim kan ein lese:

«Sålen i kunstgrasmatta drenerer ikkje slik som ei naturgrasbane eller grusbane. Derfor blir spytt, blod og snus liggande. Ved fall kan dette virvlast opp og komme i kontakt med luftveger og kropp. 20 september 2008 kalla fagforbundet for fotballspelarar NISO kunstgrasbaner for smittebomber som fylgje av spytt, blod og sveitte.»

Naturgras bryt ned menneskelege avfallsstoff som sveitte, oppkast, blod og urin, men i kunstgras vert desse stoffa liggjande. Det same gjeld avfall frå dyr og fuglar. I ei doktoravhandling eg bladde gjennom (på nettet) vert det dokumentert kor mange, og kor mykje, giftstoff frå underlaget og avfallsstoff frå menneske, dyr og fuglar barn fekk i seg i løpet av ei viss tid på kunstgrass. For ungane kjem desse stoffa gjennom munnen, og gjennom huda. Verst er det imidlertid for unge som driv idrett, fotball f eks, og som får skrubbsår/brannsår på kunstgraset og som slik kan få giftstoffa/avfallsstoffa direkte i blodbanen. Mange av stoffa brukt i kunstgras og granulat til banane inneheld stoff som er kreftframkallande.

Varme er eit anna problem med kunstgras. Det er vel dokumentert at det er svært stor skilnad på temperatur i naturgras og kunstgras. Brannsår og skrubbsår oppstår ofte. Også lokalt har eg høyrt frå ungdomar med vanskelege skrubbsår/brannsår frå kunstgras.

Naturgras-kunstgras som speleunderlag. Spørreundersøkelsar mellom fotballspelarar viser at 85% vil spela på naturgras, medan 2,94 % foretrekker kunstgras. Nokre fotballklubbar har fått mykje støtte frå kunstgrasprodusentar og har pålagt spelarane å uttale seg positivt om kunstgras. Ein nederlandsk spelar seier det slik: “We players were ordered to respond positively to any questions about artificial turf.” (Source: Dagblad vh Noorden, Nederland). Også lokalt har vi sett at vaksne har fått med seg ungdomar til å uttale seg positivt om kunstgras.

Det er varsla rettssak mot dei som har bestemt at VM i fotball for kvinner neste år skal spelast på kunstgras. Dagbladet 20. august 2014: «Stjernespillere varsler søksmål».Den tyske målvakta Nadine Angerer vil gjera alt ho kan for å få meisterskapet lagt til naturgrasbanar. Det er utenkjeleg at slike turneringar for menn vert på kunstgras.

Kunstgras er nytt i Norge, ca 30 år, og fylgjene av alle skadane og infeksjonane er ikkje dokumentert. Men over heile verda vert det stilt spørsmål:

Synthetic Fields are Being Called Into Question All Over the World

In spite of aggressive lobbying from synthetic turf marketing groups, safety and health problems related to synthetic surfaces have caused concerns and moratoriums throughout the world.

The Italian Minister of Health found that synthetic turf fields are potentially carcinogenic (cancer producing substance).

The Center for Disease Control and the Mount Sinai Children’s Environmental Health Center issued warnings about the hazards of artificial turf.

Økonomi. Å byggje og halde ved like eit areal med kunstgras er langt dyrare enn å byggje og halde ved like eit tilsvarande areal med naturgras. Og da er ikkje nødvendig reinhald/ fjerning av fugleskit, spytt og urin, snus, oppkast teke med. På Svissholmen har fylkeskonservatoren sagt ifrå om at kommunen i første omgang får ei rekning på 82.000 kroner for innleiande arkeologiske registreringar. Fylkeskonservatoren skriv: «Tiltaket vil medføre krav om arkeologisk registrering»

Vatten maskinstasjon fekk oppdraget med å gjennmføre tiltaket for kr. 398.468 kr. Det kunne vore gjort mykje bra opprustning av området for dei pengane - og på den måten behalde naturgrasanlegget, det klart beste underlaget for leik og idrett.

Ei så viktig sak kan ikkje overlatast til Hovedutval for teknik, miljø og næring. At dei som sit der ikkje har syn for det historiske, estetiske og kyrkjelege er berre å beklage. Men dessverre ser det også ut til at det var liten eller ingen interesse for miljøet da denne saka vart handsama. Det er svært skuffande. I møtereferatet går det fram at dei ikkje vurderte dei klåre motføresegnene som var komne, men brukte tida til å rose det gode initiativet. Ordføraren var sjøl møtt opp for « å snakke varmt for kunstgrasanlegget» (TK)

I ein av dei mange artiklane ein kan lese på nettet om kunstgras:

USA og Canada er pionerene når det gjelder bruk av kunstgress. Disse landene har brukt kunstgress i mer enn 40 år. Verdens største organisasjon når det gjelder utendørs idrett på baner (National League) i USA og Canada har nå gått helt bort fra kunstgress og legger om banene til naturgress.

Amerikanske helsemyndigheter og idrettsforbund går ut med advarsler når det gjelder bruken av kunstgress, og professor Daum ved Chicago Barnehospital var den første som pekte på sammenhengen mellom skrubbsår man hadde pådradd seg på kunstgressmatter og den sterke økningen i smitte fra den livsfarlige, antibiotikaresistente CA-MRSA streptokokken.

Den første staten i USA som hadde kunstgress, forbyr nå bruken av kunstgress på alle anlegg som anlegges og drives av Staten og utdanningsinstitusjoner. Ingen nye anlegg skal bruke kunstgress, og eksisterende anlegg skal bygges om til naturgress.

Eg vert skulda for å vere imot eit godt og nytt nærmiljøtiltak i bygda.

Det nærmiljøtiltaket er allereie her, langt finare i forhold til kyrkje og miljø, langt billigare og betre enn det som dessverre kan bli bygd.

Eg vonar det finst einskildpersonar, lag og organisasjonar – og politikarar – som kan ta denne saka opp att til ny vurdering.

Torbjørn Brøske