For bekren er det eitt spørsmål om å vere eller ikkje vere.

Litt skjøn går det på, når bekrar skal kårast eller ikkje; dommar Geir Inge Lien, ordførar i Vestnes, studerer værlammet som står på alle fire og pustar og pesar. Han stikk hovudet saman med Tor Steinar Lien frå Vistdal og konfererer. På sidelinja står spente saueeigarar og publikummarar som har teke turen for å sjå på bekrekåringa på garden til Karianne og Roy Lange i Vistdal. Ute skin sola, og inne står bekrelam på vent for å kome inn og få passet sitt påskrive, for her leggjast det ikkje noko mellom linjene.

– I syns ikkje na va nokkon slager, konstaterer Geir Inge Lien og grin litt på nasen.

– Ka e de som e feil med na? For bekren er det eitt spørsmål om å vere eller ikkje vere. Har han ikkje ballar nok, ryk han rett ut.

– Hold na litt! Han hoppa over gjerde i stad så det e fart i na. I må sjå om det e balla på na.

Værlammet leggjast på rygg og undersøkjast.

– I kan no berre sei at i ikkje likte na av type, han har jo god breidde, men..

Ullmengde og kvalitet målast. Kroppen vart nøye granska og gjeve poeng.

– Den har fire spenna og to balla! Nummer 118 er i elden. Og ved nærara kikk får ein høyre:

– Brei rygg, veldig god breidde. Han har kommodebein framme, men han står flott på bakbeina. 8 poeng på bein og 7 på kroppen, 8 på ulla!

– Sluttsum 162, det var ikkje dårleg, seier Bjørn Ølander, som sit bak dataen og skriv inn alt. Neste vær leggjast på rygg og ballane klemmast på:

– Va ikkje mykje her! seier dommaren frå Vestnes. Han kjenner på både kroppen og ulla, klipp av ein ulldott og sjekkar den nøye i mikroskopet.

– Va liten na bekren her! Halle litt framover au! I hekje lyst til å kåre na, han ekje nåkka storslager! Litt dårleg utvikla med svak overlinje, i syns ikkje han skal avlast på, sjøl om han har prøvd seg..

Då vert det nok i fårikålgryta for stakkaren. Slik som nokre få andre og i denne kåringa, men dei fleste, ja, faktisk 22 av 26 vert kåra og kan sjå fram til å bolte seg med søyer i alle utgåver. Dei kan nyttast i avl i framtida.

– Her er ein god gammaldags ein! Flott overlinje.Understellet på neste værlam sjekkast nøye:

– Fole mjuk!

Frå sidelinjen utbryt ein «det va da jævla med ull..»

8 i kvalitet og 9 i mengde. Dommarane stikk hovuda saman, diskuterer.

– De e litt skjøn det går på når me står her no!Det ender med 155 poeng.Etter kåringar nokre timar, vert det pause og klart for mat. Alle trekkjer ut i frisk luft og myse mot sola. Dommarane ser fram til eit herleg måltid på låven..

Ikkje berre rovdyrkonflikt

Karianne Lange fortel at dette er tredje gongen ho og mannen har kåring på garden.

– Det vart berre slik, det er jo god plass i fjøsen, og sjøl tykkjer vi det er kjempekjekt! Fint er det og at ein samlast kring noko som er kjekt med sauedrift, og at ting ikkje berre handlar om rovdyrkonflikt.

Tretti personar fekk med seg værkåringa denne laurdagen. Roy Lange er avlsansvarleg og Bjørn Ølander leiar i Nesset værring, som var arrangør.

Etter ein god middag med mektig Sekkjepåse, laga av Sølvi Dyrehaug Bergset, held kåringa fram.

Det vart ein seanse utandørs der to bekrer av typen Gammal norsk spelsau vart kåra. Dekkull og botnull, glans, eksteriør, kropp og bein vart gått gjennom. Dei to lamma fekk til slutt ei sløyfe kvar med ymse farge.

– Artig å sjå på, tykkjer Dennis Fjellheim, frå Trondheim. Det var første gongen han var med på ei slik kåring, og han meiner det var interessant å lære noko om kva dommarane ser på.

– Men det kjenst ikkje som om eg er utlært på det her, nei!

Fleire born var med og kikka.

– Spennande, artig å sjå på, meinte Live, Angelica, Rine og Ola.

- Må vere mørkt i parringa

– For at parringa skal verte vellykka må det vere mørkt i fjøsen, seier dommar Geir Inge Lien.

Dommarane har fleire faste ting dei ser på når dei skal dømme.

– Kva er det dokker ser etter, Geir Inge Lien, når dokker dømmer?

– Vi ser på ulla; den skal ha kvalitet og mengde. Ulla skal verne dyret mot sol og regn. Ulla er ettertrakta, og ein får godt betalt om den er bra. Beina skal stå godt. Sauen skal kunne bevege seg i terrenget. Alle føter skal vere velutvikla. Kroppen skal vere brei og flott. Den skal produsere mykje mat. Vi kontrollerer understellet, at det er i orden. Det skal vere to jevne symmetriske testiklar, og dei skal ikkje vere svampliknande.

– Ballane skal ikkje vere noko dillegreie! Dei skal vere faste og flotte! held Lien fram.

– Og korleis ser dokker at ting fungerer?

– Vi veit jo ikkje om det fungerer, men det skal vere god fylde og ballane skal ha ramla ned, seier Lien.

– Bonden sjøl må sjekke etter at den har parra. Om søyene som har vorte parra gjeng opp att etter tre veker, og er brunstige att, då bør det ringe ei bjelle!

Geir Inge Lien seier at det skal vere mørkt når det parrast i fjøsen.

– For å få brunst i november skal det vere mørkt i rommet. Ein må ikkje ha lys på om natta, da vert det dårleg brunst. Vi har prøvd det ut mykje og sett det. Naturen er laga slik. Vår Herre har gjort det slik, seier han.

– Men kva med sædkvaliteten, dokker ser ikkje på det?

– Nei, det brukar å vere i orden. Det er sjeldan det er noko gale. Før bruka dyrlegen å sjekke det, men det er ikkje vanleg no, seier Geir Inge Lien. Tor Steinar Lien legg til at det er normalt om ein sau eller to ikkje tek seg, men om ei heil besetning ikkje gjer det, då er det fare på ferde.

– Då kan det vere dårleg sædkvalitet. Han kan vere ufruktbar.

Dommarane forklarar at Værringen plukkar ut dei beste lamma dei vil ha i avl.

– Når vi har kåra alle lamma, så ser vi på dei med flest poeng. Så vert det ei mønstring til slutt. Då vert det show for publikum. Dei kan kome med kommentarar, og det tykkjer eg berre er sjarmerande, ein vert litt påverka av det, seier Geir Inge Lien. Tor Steinar Lien legg til at det er dommarane som jamvel har det siste ordet. Dei tre beste får sløyfe, der kvit er første-, raud er andre- og blå er tredjeplass.

Dei to dommarane Lien, som ikkje er i slekt, har halde på med kåringar sidan 1997. Ordføraren i Vestnes tykkjer det er kjøle svært å kome til Nesset.

– Vistdal er ei flott bygd. Eg har vore her før. Ein ser kor sauen har gått og beita, det vert eit kjøle fint nedbeita område då.