På ein pressekonferanse torsdag presenterte dagleg leiar i Vårsøghelga, Gerd Ingrid Kvendset, programmet for den 20. helga i rekkja.

Til neste års arrangement har Kvendset fått mange store namn på blokka – aller størst er vel Arve Tellefsen som kjem til Kleivakvelden – vi har lenge hatt lyst til å høyre han i samspel med Henning Sommerro, John Pål Inderberg og fleire til på Kleivascena.

Men også Trondheim symfoniorkester har også stått på ønskelista – no kjem dei til Storstua, med solistar, og vi kan berre gle oss til den førestellinga. Og på søndagsprogrammet står Nidarosdomens gutekor i Stangvik kyrkje – nok eit høgdepunkt.

Opninga av Vårsøghelga skjer som tidlegare på torsdag ettermiddag i samband med opninga av kunstutstillinga. Årets Vårsøgkunstnar er ingen ringare enn Håkon Bleken. Som tidlegare er kunstutstillinga i tett samarbeid med Surnadal kunstforening.

Flyttar både helg og kveld

Vårsøghelga blir lagt til siste helg i mai neste år – frå 28. til 31. mai – og altså ikkje i pinsehelga som tidlegare praksis.

– Dette håper vi blir bra, og det blir eit spennande opplegg å prøve ut, seier Kvendset.

– Det blir og fleire endringar – for i år blir sjølve Kleivakvelden på laurdag kveld, med tilhørande pubkveld og teltarrangement utanfor kulturhuset har vi planlagt.

Til saman består Vårsøghelga av rundt 25 forskjellige arrangement i løpet av desse maidagane – der det blir stor breidde i kulturtilboda.

– Sjølvsagt tenkjer vi både på borna og ungdomane under planlegging av det omfattande totalprogrammet.

Kvendset kan også by på årets julegåve til den som har alt. Ho legg ut 30 Vårsøgpass på førjulstilbod i billettluka frå i dag. Dei gir tilgang til alle arrangementa og her gjelder «først til mølla ...»

Breiare artisttilbod

Kvendset meiner at flyttinga av arrangementet til ei fast helg og Kleiva-kvelden til laurdag kveld kan opne for eit breiare tilbod på aktuelle artistar for å opptre under Vårsøghelga. Ho reknar også med at dette blir godt motteke av både næringslivet og andre kulturarrangement på som konkurrerer om helgane på vårparten.

Resten av Vårsøgprogrammet held leiaren tett til brystet enno, men over jul vil vi nok få litt meir detaljar for det er mykje bra på gang, lover Kvendset.