Menon Business Economics har på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd ein rapport om eigarskap og vertskapsattraktivitet.

I rapporten kjem det mellom anna fram at den personlege eigarskapen står sterkare i Møre og Romsdal enn i resten av landet. Andelen er også høgare enn i dei andre Vestlandsfylka. Personar og familiar frå Møre og Romsdal kontrollerer halvparten av all verdiskaping i fylket, meir enn dobbelt så mykje som utanlandske og norske eigarar frå andre fylke gjer.

– Dei personleg eigde bedriftene som har vakse og blitt internasjonale suksessbedrifter er kjernen i klyngene. Dei representerer innovative og omstillingsdyktige bedriftskulturar med flate strukturar og korte beslutningsvegar. Vi må politisk legge til rette for at dei forskjellige bedriftene får konkurransedyktige rammetilhøve for vekst, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad i ei pressemelding.

Ho vil presentere heile rapporten om eigarskap og vertskapsattraktivitet under Mørekonferansen tysdag 25. november.