Det går fram i ei pressemelding fra Ungdommens kommunestyre og kulturavdelinga i Nesset.

- Bakgrunnen for ønsket er mellom anna resultat frå ungdomsundersøkinga med negative tal om mobbing, aksjonar og oppslag i media den siste tida. Mobbing er eit problem også i Nesset.

Det er halde eit møte der Tor Håkon Utigard og Kristine Raudsandhaug frå UKS deltok, saman med assisterande rådmann og skolefagleg rådgjevar. Målet var å planlegge tiltak og mogeleg aksjon.

Ungdommane seier at det ofte er slik at ein ikkje tør eller vil seie frå fordi det da lett blir «avslørt» kven det er som har sagt noko og ei så stor belastning ønsker få å ta.

Eit av tiltaka dei vil ha er samarbeid og kontakt med FAU ved skulane.

- Vi håper dette blir positivt motteke og fulgt opp.

Frå skulen si side pågår det arbeid retta mot FAU og klassekontaktane i alle trinn frå 1. -10. Skulane har også prosedyrar som dei skal følgje når det det blir meldt frå om mobbing. Ungdommane ønsker ein tettare dialog omkring dette.

I 2011 vart «Manifest mot mobbing» vedtatt i Nesset kommune. UKS vil no ta initiativ til at dette blir tatt fram igjen og oppdatert.

- Kanskje ei symbolhandling, men likevel viktig og eit dokument som syner at vi alle; kommunen, politikarar, administrasjon og innbyggarar tar eit bevisst standpunkt mot mobbing.

Det vil og bli ei markering mot mobbing der ein håper å få med skule, lag og organisasjonar, foreldre og andre som er i kontakt med barn og ungdom, til å støtte opp om dette viktige arbeidet. Planen er å få til dette i løpet av januar neste år.