Nesset Arbeiderparti har nominert Toril Melheim Strand som sin listetopp og ordførarkandidat til kommunestyrevalet 2015. Arbeiderpartiets valliste ber eit tydeleg preg av erfaring, samstundes som den viser fornying og rekruttering til partiets arbeid.

– Det har vore Høgre-styre i Nesset lenge nok, på tide å få Ap sin gode politikk til beste for heile kommunen, i førarsetet. seier Toril Melheim Strand, født 1955, ihuga arbeidarpartipolitikar gjennom tjue år. Både som fylkestingspolitikar, gruppeleiar for Møre og Romsdal Arbeiderparti og lokalpolitikar har ho mykje og brei erfaring. Ho har dessutan representert fylket i den regionale rovviltnemnda for region Midt i ti år.

Overtala

– Eg hadde i utgangspunktet tenkt å gje meg no etter tjue år, og meinte det var lenge nok, men så vart eg overtala til å stå øvst på lista, fortel ho.

Ho tykker det er utfordrande og spennande å stå som ordførarkandidat for Nesset Arbeiderparti.

Spesiell periode

– Det vert ein spesiell periode. Den vert viktig og spennande med tanke på kommunesamanslåing. Elles har eg inntrykk av at politikarane som oftast er einige i kommunestyret i Nesset.

Strand ser at kommunesamanslåinga vert ei stor sak:

– Det er viktig å vere på heile tida i denne prosessen.

Må verte høyrd

– Kva retning tykkjer du Nesset skal vende seg- mot Sunndal eller Molde?

– Det trur eg ikkje eg skal seie noko om no. Det er viktig at innbyggarane får seie sitt, dei må verte høyrd. Eit poeng er og at ein må slå seg saman til noko som er betre enn i dag, ein skal ikkje slå seg samen til noko ein ser vert verre for folk.

Pisk

– Kva vert den største utfordringa i Nesset den kommande perioden, meiner du?

– Å få fleire til å etablere seg med nye bedrifter, få vekst i eksisterande bedrifter og få folk til å busette seg og trivast i kommunen. Dagens regjering gjev merkbart mindre i rammetilskot til kommunane og kjem truleg til nytte det som pisk for at kommunar skal slå seg saman. Arbeiderpartiet vil arbeide for ha gode tenester også i framtida, slik vi har i dag. Vi vil arbeide for å behalde dagens kvalitet og struktur på tenestene.

Melheim Strand, som er frå Eresfjord og bur på Nauste, har og nokre styreroller; ho er varamedlem i Åknes/Tafjord Beredskap Iks, styremedlem i Vest-Norges Brusselkontor AS og varamedlem i Braathallen AS.