Det er rbnett. som fortel historia  om den uheldige bileigaren som hadde besøkt hytta si i Fiksdal i helga. Da Sven Are Ellingseter kom ned til parkeringsplassen søndag ettermiddag fann han bilen sin stående utan hjul. I løpet av natta hadde tjuvane teke med seg både dekk og felgar. Bileigaren trur tjuveriet vart gjort seint laurdag kveld, da det ikkje var spor i snøen etter den eller dei som hadde tatt hjula. Tjuveriet er meldt til politiet.