NVE arrangerer offentleg møte om elleve småkraftverk i kommunane Rauma og Nesset i Møre og Romsdal. Møtet er i kommunestyresalen i rådhuset i Åndalsnes tysdag 3. februar.

På folkemøtet vil NVE orientere om handsaminga av søknadane og søkjarane vil informere om dei ulike prosjekta. Det vil vere høve til å stille spørsmål.

Søknadene med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på Servicetorget i Rauma kommune og Kommunehuset i Nesset.

I Nesset søkes det om bygging av tre småkraftverk. Desse er Strandelva kraftverk, 13,30 GWh, Skorga kraftverk, 10,00 GWh og Kvidalselva kraftverk

Høyringsfrist er 20.03 2015.