Laurdag kveld var todalingane samla til den årlege og tradisjonsrike "Hjortfesta" i Todalen ungdomshus. Hjortfesta markerer at jaktsesongen er slutt og er ein slags sosial evalueringskveld i regi av Todalen idrettslag, der vertskapsrolla går på omgang mellom jaktlaga i bygda. I år var det jaktlaget på sørsida (Bruset/Øya/Ørsal/Halset) som hadde oppgåva som verstskap, og dei inviterte til varmrett - utsøkt viltgryte med råvarer av eigen fangst.

Elles var det HjorteQuiz, - konkurranse og kamp rundt borda i storsalen, - med spørsmål basert både på jakt og andre relevante ting, og sjølvsagt med litt premiering etterpå. Hovudattraksjonen under festa var sjølvsagt utdeling av heidersprisen "Den Gyldne Patron" for 2014.

Det var sjølvsagt knytta stor spenning til utdelinga av "Den Gyldne Patron" og da festleiaren Ståle annonserte Per E. Gjeldnes som mottakar av prisen, kvitterte publikum med spontan applaus. Dei hadde funne ein velfortent mottakar!

På diploma som Per fikk står det: "Ein takk frå bygdefolket for hjelpsomhet og godt utført arbeid i over 40 år."  Per er nordvikgarding, men har vore i Todalen med gravemaskin meir eller mindre samanhengande sia han starta å jobbe i faren Eiriks entreprenørfirma som 16-åring. Etter at han kom heim frå militærtenesta gikk han inn i firmaet, som da fikk namnet Grytskog Maskinstasjon og frå 90-talet ein gong etablerte han sitt eige firma som heiter Per E. Gjeldnes Maskin.

Dei første åra vart dei eit par turar til Todalen på graveoppdrag, - ein om våren og ein om hausten. Etter kvart vart det stadig fleire og større oppdrag, og i seinare tid har det nærast jobba i Todalen på heilårsbasis. På desse åra har han slitt ut mange gravemaskiner - frå den første som var ein Ferguson 35-traktoren med påmontert gravemaskin, til i dag som firmaet disponerer 3 store Volvo gravemaskiner på 15-18 tonn. Den siste kjøpt for eit års tid sia, og er ei hjulmaskin som kosta eit par millionar. I tillegg disponeres både tippbil og dumper, og i dag er også sonen Arne tilsett i firmaet.

Per har bygd dei fleste skogsvegane i bygda, og kjenner nok til kvar ein septiktank som er gravd ned den siste mannsalderen. Per fortel at det er ikkje uvanleg at han har med nistepakken heimatt etter avslutta arbeidsdag i Todalen - for det har vore mykje graut og bakels oppgjennom åra, smiler Per når han fortel om alle åra ved gravmaskinspakane.

Per fortel at han har lika seg godt på jobb i Todalen, og sjølv om denne prisutdelinga nok kom ”stoms på”, så sett han stor pris på denne markeringa frå bygdefolket.