Den siste tida er det gjort stadig fleire observasjonar av gaupe. Fredag morgon var det ferske gaupespor gjennom gardstunet i Todalshaugen i Todalen, fortel Johan T. Hals.  Han viser oss gaupespora som enno søndag kveld er godt syneleg på ein snøflekk i utkanten av tunet.

I helga var Todalshaug ein tur oppå setra, og der var det ferske gaupespor rundt seterhuset, og under verandaen i framkant av seterhuset.  Det er et ord som seier at når du begynner å sjå rovdyra, så er det mykje av dei.

Gudmund Kvendset mista fleire lam til gaupa i fjor vår, og hadde nok sett at det hadde vorte gjort tiltak for å redusere bestanden. Men no er jaktkvoten for gaupe alt fylt fylt her i området – ei gaupe vart nemleg felt i Orkdal, og året kvote for gaupejakta var berre på eit dyr i år.

– Det er ganske fortvilt å sende sauer på fjellbeite med så mykje rovdyr – både gaupa og jerven har dei siste åra herja i saueflokken til Gudmund. Han poengterer at det er viktig at observasjonar av rovdyr blir meldt til rovdyrkontakten her i distriktet, som er Lars Olav Lund i SNO.