Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik ser ikkje med bilde auge på at Klima- og miljødepartementet gjennom klagebehandling av gaupekvoter sett av Roviltnemnda region 6 undergrev regional forvaltningsplan for rovdyr.

I eit forslag til uttale frå regional og næringsutvalet viser Gutlevik til at rovviltforvaltninga skal ha regional forankring.

- Det er då særs uheldig at ein i klagebehandling gjer vedtak om å endre status på eit område, slik ein har gjort i denne saka ved å ta ut Romsdalshalvøya som område for kvotefri jakt, seier han.

Gjennom departementets handtering av denne saka stiller Gutlevik spørsmål om dei regionale interessene er godt nok ivaretatt i rovviltforvaltninga.

- Etter vårt syn må vesentlege endringar i forvaltninga skje gjennom endring av plan og ikkje gjennom enkeltvedtak i departementet, meiner Guttelvik.

Burde det vært tildelt større kvoter på gaupe i jaktområdene i fylket? Ja Nei Vet ikke Du må velge et alternativ Din stemme blir nå behandlet... Burde det vært tildelt større kvoter på gaupe i jaktområdene i fylket? Ja 70% Nei 30% Vet ikke 1% Du har allerede stemt 281 stemmer

I uttalen heiiter det vidare at Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje  samd med departementet når det gjeld å flytte Romsdalshalvøya ut av området for kvotefri jakt på gaupe, og vil be om at denne avgjerda vert vurdert på nytt.

Vidare peiker fylkesrådmannen på:

Rovviltforvaltning er konfliktfylt, dette må forvaltninga ta omsyn til. Noreg har ei målsetting om å sikre bestandar av rovvilt, samstundes som ein har næringsverksemd i utmarka. For å redusere konfliktnivå har ein lagt vekt på ei tydeleg soneforvaltning og forutsigbarheit. Utmarkbrukarar som sauenæringa er avhengig av ei forutsigbar forvaltning, om ein skal sikre drift og investeringar.

Ein vil kunne oppnå bestandsmåla i områder prioritert for gaupe i rovviltregion 6, utan å legge inn nye områder som skal ha gaupeynglingar. I praksis har departementet under denne klagebehandlinga innført eit nytt område som skal ha yngling av gaupe. Denne avgjerda har ikkje den regionale forankringa som rovviltforliket legg opp til, sidan denne endringa ikkje er i tråd med den regionale forvaltningsplana.

Klima- og miljødepartementet har slik vi ser det, liten respekt for lokalt fatta vedtak. Ein kan stille spørsmål ved om departementet i denne saka undergrev rovdyrforliket. Etter vårt syn må større endringar i rovviltforvaltninga skje gjennom rullering av forvaltningsplan og ikkje gjennom enkeltvedtak i departementet.